Som eit ledd i statens tilbod til bøndene i årets jordbruksoppgjer, tek finansminister Sigbjørn Johnsen til orde for å heve trygdeavgifta for næringsinntekt i jordbruket og skogbruket.
Trygdeavgifta blir føreslått heva frå 7,8 prosent til 11 prosent for næringsinntekta, noko som for landbrukets del antas å få ein effekt i form av 206 millionar kroner i auka skatt i 2012.
Sjå heile tilbodet frå staten her
Kompenserer med tilskot og auka jordbruksfrådrag
Samtidig blir det som følgje av forslaget frigjort 130 millionar kroner som blir føreslått brukt til auka landbruksstøtte.
Det, kombinert med forslag om å auke effekten av jordbruksfrådraget, skal ifølgje finansministeren gjer at auken i trygdeavgifta blir fullt ut kompensert.
Nokon vil tape, andre vinne
Rådgjevar Anders Huus i Norges Bondelag seier at forslaget skal vere eit nullsumspel.
- I sum skal det ikkje ha effekt for jordbruket, men forslaget kan slå ulikt ut mellom produsentane, seier Huus.
Han seier at det truleg vil vere ein del produksjonar og produsentar som vil kome dårleg ut av endringane, medan andre kan kome betre ut.
Vil justere både i botn, topp og sats for frådraget
Korleis justeringa av jordbruksfrådraget blir, er ikkje fastset.
Finansministeren skriv derimot i eit brev til landbruksministeren at han tar sikte på å føreslå prosentvis lik økning av såkalla inntektsuavhengig frådrag (for tida 54.200 kroner), sats utover inntektsuavhengig frådrag (for tida 32 prosent) og av maksimalt samla frådrag (for tida 142.000 kroner).
Graden av nytte av jordbruksfrådraget varierer alt i dag kraftig mellom ulike bruk, storleik på bruka og investeringstidspunkt.
Sjekk ut bondeorganisasjonenes krav til staten
Sjekk ut grunnlagstallene for oppgjøret fra Budsjettnemnda for jordbruket
SAMLESIDE: Alt om jordbruksoppgjøret












