Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster

Oikos passe nøgd med tilbodet frå staten

Men skulle gjerne hatt meir pengar til økologisk mat.

Publisert: 11.05.2011 13:24
- Me set pris på at staten vil gje meir pengar til marknadsarbeid for fremje av økologisk mat, seier fagsjef for landbruk i Oikos, Jon Magne Holten.
Foto: Privat

- Me set pris på at staten vil gje meir pengar til marknadsarbeid for fremje av økologisk mat, seier fagsjef for landbruk i Oikos, Jon Magne Holten. Foto: Privat

Oikos synest statens tilbod til landbruket er svakt og er mellomfornøgde med tilbodet som gjelder økologisk landbruk.

 

- Held staten fram å sultefôre bøndene på denne måten, har vi få bønder igjen om nokre år. Fråfallet av bønder er slett ikkje berekraftig og kan ikkje halde fram.

 

I tilbodet staten la fram til bondeorganisasjonane i årets jordbruksoppgjer, er det føreslege å auke stønaden til utviklingsmidlar med 2 millionar, frå 44 til 46 millionar.

 

- Me set pris på at staten vil gje meir pengar til marknadsarbeid for fremje av økologisk mat, seier Holten.

 

Staten vil også tildele midlar til eit utgreiingsprodsjekt for storskala økologisk landbruk.

 

- Dette er viktig for å dokumentere effekten, seier Holten.

 

Det offentlege må forbruke meir økologisk mat

Han skulle gjerne sett ei meir offensiv haldning frå staten for å sørgje for at det offentlege går framføre som godt døme som forbrukar av økologisk mat.

 

- Kantinar, sjukehus og skular er storforbrukarar av mat. Det offentlege er ein betydeleg aktør. Sverige og Danmark har det offentlege gått framføre, seier Holten.

 

Han seier det er vanskeleg å få økologiske varer ut til dei som skal ha det.

 

- Sjølv om me skulle sett større løyvingar, er me glade for at staten prioriterer ein auke, seier Holten.

 

Holten seier Bondeorganisajsonane i sitt krav til årets jordbruksoppgjer ynskte å omdisponere midlar frå utviklingstiltak til areal- og hudyrtilskot for bønder som driv økologisk. Oikos er usamd med Bondelaget og Småbrukarlaget, og vil heller at pengane skal gå til å få opp etterspurnaden i marknaden.

 

- Generelt sett er økonomien for dei økologiske produsentane gode. I dagens situasjon, med avgrensa midlar, er det viktig å stimulere marknaden, seier Holten.

 

Sjekk ut bondeorganisasjonenes krav til staten

 

Sjekk ut grunnlagstallene for oppgjøret fra Budsjettnemnda for jordbruket

 

SAMLESIDE: Alt om jordbruksoppgjøret

 

Se hele tilbudet fra staten

 

Sjekk ut bondeorganisasjonenes krav til staten

 

Sjekk ut grunnlagstallene for oppgjøret fra Budsjettnemnda for jordbruket

 

SAMLESIDE: Alt om jordbruksoppgjøret

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT
  • Kampen om kirken

    Kampen om kirken

    Noen frykter at en fristilt kirke blir mindre demokratisk og åpen. Andre mener at skillet truer vår kristne kultur.

  • - Trugsmål frå regjeringa

    - Trugsmål frå regjeringa

    Svenn Arne Lie reagerer sterkt på Stortinget ikkje får diskutere rammene i årets jordbruksoppgjer

  • Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Då det i 2000 var brot mellom staten og bondeorganisasjonane, var Senterpartiet i opposisjon og jobba knallhardt for eit betre tilbod enn det bondeorganisasjonane hadde takka nei til..

  • Bonde i Røyken selger 110 ammekyr og gir opp

    Bonde i Røyken selger 110 ammekyr og gir opp

    For ni år siden investerte Martin Bøe flere millioner kroner og utvidet fra 13 til 95 kyr, men inntektene står ikke i forhold til innsatsen..