Onsdag la staten fram tilbod til bøndene i årets jordbruksoppgjer.
Her er dei viktigaste endringane i målprisar og tilskot i forslaget:
Målprisendringar frå 1. juli-11:
Mjølk, ku og geit: +0,10 øre per liter
Gris +1,20 kr pr kg
Sau/lam +1,50 kr pr kg
Egg +1,30 kr pr kg
Poteter +0,25 kr pr kg
Grønsaker +2,1%
Frukt +2,1%
Norsk matmjøl +0,10 kr pr kg
Kveite, matkorn +0,10 kr pr kg
Rug, matkorn +0,10 kr pr kg
Bygg +0,06 kr pr kg
Havre +0,03 kr pr kg
Fôrkveite og fôrrug +0,06 kr pr kg
Erter til modning +0,06 kr pr kg
Såkorn +0,06 kr pr kg
Oljevekstar +0,12 kr pr kg
Anslag i endring av kraftfôrpris +0,05 kr pr kg
Sum målprisauke: +535 mill. kr
Prisauken på mat blir på 0,7 prosent for forbrukar, ifølgje staten.
Sjå heile tilbodet frå staten her
Endringar i løyvingar til gjennomføring av jordbruksavtalen:
Fondsavsetningar +62 mill.
Marknadsregulering -10 mill.
Pristilskot +4 mill.
Direkte tilskot +442 mill.
Utviklingstiltak +1,5 mill.
Velferdsordningar -172 mill.
Sum tilskotsendringar +328 mill.
Samla støtte over statsbudsjettet aukar etter forslaget frå 13 milliardar kroner til 13,3 milliardar kroner.
Veksten i statsstøtta er i tilbodet på 2,5 prosent, noko som er identisk med inflasjonsmålet til Norges Bank.
Sjå videoopptak frå pressekonferansen her (web-TV)
Slik er tilskotsendringane
Veksten i støtte over statsbudsjettet, som er på 315 millionar kroner netto i statens tilbod, blir i hovudsak fordelt slik:
Auka driftstilskot i mjølkeproduksjonen: +140 mill.
Auka produksjonstilskot, husdyr: +144 mill.
Auka beitetilskot: +39 mill.
Auka arealtilskot: +125 mill.
Redusert støtte i kulturlandskapstilskot: -13 mill.
Redusert støtte til råvareprisutjamning: -12 mill.
Redusert overføring medlemsavg. folketrygd: -131 mill.
Redusert tilskot til avløysing ferie og fritid: -14 mill.
Redusert tilskot til avløysing ved sjukdom: -9 mill.
Redusert tilskot til avløyserlag: -10 mill.
Redusert tilskot til andre velferdstiltak: - 10 mill.
Reduksjon til tidlegpensjonsordningen: -7 mill.
Redusert tilskot til økologisk landbruk: -1 mill.
Auka tilskot til marknadsordningen for korn: +13 mill.
Tilbakebetalt tilskot til reguleringslager: +2 mill.
Sjekk ut bondeorganisasjonenes krav til staten
Sjekk ut grunnlagstallene for oppgjøret fra Budsjettnemnda for jordbruket
SAMLESIDE: Alt om jordbruksoppgjøret












