dager igjen til valget
- Høgre-tillitsvalde som skryt av nynorsk i dikt, men vil ta det bort som ålment bruksspråk er useriøse som kultur- og språkpolitikarar, seier Håvard. B Øvregård. Foto: Ingrid Lødemel, Nynorsk Kultursentrum

- Høgre-tillitsvalde som skryt av nynorsk i dikt, men vil ta det bort som ålment bruksspråk er useriøse som kultur- og språkpolitikarar, seier Håvard. B Øvregård. Foto: Ingrid Lødemel, Nynorsk Kultursentrum

Oppgitt over Høgres nynorskangrep

Høgre vil fjerne obligatorisk sidemålsundervisning i ungdomskulen. Mållagsleiar Håvard B. Øvregård spør om partiet forstår alvoret.

Publisert: 10.05.2011 16:01

I helga vedtok landsmøtet i Høgre at dei ikkje vil at elevane i ungdomskulen skal ha obligatorisk sidemålsundervisning.

 

Forslaget kom frå Unge Høgre og vart overraskande vedteke under innspurten på det tre dagar lange møtet. Partileiar Erna Solberg og første nestleiar Jan Tore Sanner stemde mot.

 

Andre nestleiar, Bent Høie, stemde for å fjerne kravet om skriftleg sidemål.


- Vedtaket er veldig alvorleg. Dette er eit angrep på nynorsk som nasjonalspråk. No må Erna Solberg og Høgre klargjere korleis vi skal greie å oppretthalde ei jamstelling mellom nynorsk og bokmål med eit slikt vedtak, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.  

Han spør om elevar som ikkje valde å lære sidemål bli utestengt frå å bli lærarar, eller er det slik at nyutdanna lærar som berre har lært bokmål, i praksis få yrkesforbod i klasseromma til dei 81 214 nynorskelevane. 

- I dag er det om lag 500 000 nynorskbrukarar i Noreg, 114 nynorskkommunar, tre fylkeskommunar, eitt regionhelseføretak, 367 kyrkjesokn som har nynorsk. Vil det bli slik at staten ikkje lenger skal tilby nynorsk informasjon, seier Øvregård.

 

Sjølv medlem i Høgre

Han er sjølv medlem i Høgre, men meiner at landsmøtet i Høgre ikkje ser kor alvorleg dette vedtaket er for jamstellinga mellom nynorsk og bokmål.


- I tillegg er dette vedtaket stikk i strid med Høgre sitt mål om meir kunnskap i skulen. Kunnskap i sidemål gjer norske elevar betre i hovudmålet, ikkje omvendt, seier Øvregård.

 

Han leggjer til at  kunnskap i to skriftspråk gjer norske elevar betre i stand til å lære framandspråk.

 

- Her har det gamle kulturpartiet Høgre gjort knefall for Unge Høgre sitt behov for billeg valkampargumentasjon for skuletrøtte elevar. Dette er pinleg for Høgre som har gått frå kunnskapsparti til kunnskapsløyse, seier Øvregård.

 

Tidlegare har Høgre vedteke at skriftleg sidemål skal vere frivillig i vidaregåande, men no gjeld det også ungdomsskulen.

 

LES OGSÅ: - Vi cafe latte-drikkende byfolk har lite eller ingen peiling på rovdyr

LES OGSÅ: Høyre vil ha ro i klassen

LES OGSÅ: Høyre vil bruke mer penger på samferdsel

Mest lest

Laster module

Nationen FLERE NYHETER