Sidan tusenårsskifte har bøndene aldri måtte vente så lenge som i år på framlegginga av statens tilbod til jordbruksoppgjeret.
Det viser ein gjennomgang Nationen har tatt på framlegginga av statens opningstilbodet dei siste åra.
Samlar troppane
Leiar i Jordbrukets forhandlingsutval, bondelagsleiar Nils T. Bjørke, samlar troppane til møte i dag, tysdag, klokka 13.
- Det har gått så lenge på overtid nå at vi vil samle troppane. Når vi klarte å levere kravet i tide sjølv om påsken kom tett opp til fristen, så er det svært spesielt at staten bryt fristen med så mange dagar, seier Bjørke til Nationen og viser til at staten etter planen skulle ha lagt fram tilbodet for fem dagar sidan.
For ein del år tilbake var det ikkje vanleg at staten braut tidsfristane i jordbruksoppgjeret, men dei siste fire åra har det blitt snarare regelen enn unntaket.
Slår alle tidlegare rekordar
Årets tilbod, når det eventuelt vil kome, vil derimot slå alle rekordar i forseinkingar.
Det næraste ein kjem er åra 2008 og 2009 då statens tilbod blei lagt fram den 9. mai.
Rødgrøn strid
Dei store forseinkingane kjem etter intern strid i regjeringa om storleiken på opningstilbodet, og truleg spelar innspelet om styrking av ostetollen også ei rolle i den rødgrøne striden.
Leiar Merete Furuberg i Småbrukarlaget gjekk i går kveld ut i Nationen.no og kravde at Stoltenberg må vakne og ta ansvar for matproduksjonen her i landet.
Fryktar konsekvensane for forhandlingsinstituttet
Nils T. Bjørke har stilt spørsmål ved regjeringas handlekraft i kjølvatnet av forseinkingane, og generalsekretær Per Skorge i Bondelaget har sagt at forseinkinga er alvorleg både for forhandlingsinstituttets troverdighet og med tanke på regjeringas vilje til å levere resultat i landbrukspolitikken i tråd med dei forventingane Stoltenberg-regjeringa sjølv har bygd opp.
LES OGSÅ: - Tilbudet frå staten kjem ikkje i dag heller
LES OGSÅ: Bjørke: - Mitt tips er at tilbodet kjem tysdag
LES OGSÅ: Opprøret som tøylet staten
LES OGSÅ: - Begynner å bli liten tid til forhandlingar
LES OGSÅ: Ap-topp vil ikkje signere opprop om bondeinntekt
LES OGSÅ: Feilaktige fylkestal i kravet skaper uro
LES OGSÅ: — Ingen stopp for spesialost
LES OGSÅ: Tilbodet utsett til over helga
LES OGSÅ: Sp avviser gradert landbruksstøtte
LES OGSÅ: Småbrukarlaget tar til orde for tak på tilskota
LES OGSÅ: Rødgrøn strid bak forseinka bondetilbod
LES OGSÅ: Staten utsetter tilbudet til bøndene
LES OGSÅ: 4300 mjølkebønder har slutta på fem år
LES OGSÅ: Bakeriprotest mot krav om auka kornpris
LES OGSÅ: Krev størst vekst til kornbønder
LES OGSÅ: Oikos glad for krav om mer økomat i det offentlige
LES OGSÅ: Kravet i jordbruksoppgjeret vil koste ein familie 470 kroner
LES OGSÅ: Vil trolig legge fram rekordkrav
LES OGSÅ: Bondetala: Svikt i inntekta på 12.500 kroner per årsverk i år
LES OGSÅ: LO-tillegg gir styrka bondetru
LES OGSÅ: Bondelaget vil prioritere mjølk og korn i oppgjeret
LES OGSÅ: Milliardkrav frå bøndenes sektorlag
LES OGSÅ: Kostnadshopp for bøndene












