I morgon vedtek Høgre-landsmøtet etter alt å døme ei fråsegn om å reformere dagens landbrukspolitikk.
- Bonden skal attreisast som sjølvstendig næringsdrivande, og drive verksemda si meir uavhengig av offentlege inngrep. Eigedomsretten skal styrkjast, og unødvendig byråkrati og regelverk som vanskeleggjer kvardagen til bonden og skogbrukaren skal fjernast, heiter det i forslaget til fråsegn, som i ettermiddag vart diskutert av Høgre-landsmøtet.
LES OGSÅ: Vil ikke lenger ha særnorsk ulvebestand
LES OGSÅ: Kommentar: Armslag for Distrikts-Høyre
LES OGSÅ: Kommentar: Boligfelt-Høyre marsjerer
LES OGSÅ: Naturvernforbundet raser mot rovdyrforslag
- La folk selje ut
Fylkesleiar Lars Myraune i Nord-Trøndelag Høgre, som er med å fronte fråsegna, seier at Høgre langt på veg har dei same måla som Sp for landbruk, men at verkemidla er ulike.
- Sp vil ha lys i alle husa. Det er flott det, og ønskjeleg. Men vi må ta innover oss effektivitetsauken i landbruket. Vi må la folk selje ut jorda og halde på huset, slik at dei som vil drive landbruk, får drive effektivt, seier han.
- Kan ikkje styre
Myraune held fram at Høgre ønskjer eit sterkt landbruk og auka norsk matproduksjon.
- Matproduksjonen er det opp til bøndene å auke, vi kan ikkje styre den. Produksjon kjem til å auke når bonden sjølv får velje kor mykje han vil produsere, seier han og syner til at Høgre vil føre ein skatte- og avgiftspolitikk som styrkjer bonden.
Løysinga Høgre føreslår er å betre investeringsevna til landbruket gjennom avskrivingsordningar, investeringsfond og fjerne arveavgifta og formuesskatten.
Partiet tek også til orde for å oppheve eigedomsreguleringar som buplikt og priskontroll og mjuke opp delingsforbodet.
- Men vi er veldig klare på at vi vil halde på driveplikta, seier Myraune.
- Kva ser du som den største skilnaden mellom Sp og Høgre i landbrukspolitikken?
- Vi vil fokusere på heiltidsbonden. Det betyr ikkje at vi vil ha vekk familiebruka, men vi ser at dei i seg sjølv ikkje er lønsame.
Ikkje uroa
Sp-leiar Liv Signe Navarsete let seg ikkje uroe over at Høgre har kasta seg inn i kampen om bøndene.
- For dei som jobbar i landbruksnæringa i Noreg, er det berre å sjå på rekneskapen for å sjå kva parti som kjempar for dei. Det er der ein ser kva ein får att, seier ho, og syner til at Høgre i sine alternative budsjett har føreslått store kutt i landbruksstøtta.
Navarsete understrekar likevel at landbrukspolitikken må fornyast.
- Difor legg vi no fram ei ny landbruksmelding. Eg meiner Høgre skal slutte å sutre og heller vere med Sp å løfte inntekta til bøndene i staden for å kutte. Bøndene treng inntekter til å leve av slik at ein kan modernisere og drive landbruk framover. Der er ikkje Høgre i dag, seier ho til Nationen.
- Tydeleg dreiing
Fylkesleiar Lars Myraune frå Nord-Trøndelag representere eitt av fire nye fylke som fekk plass i stortingsgruppa til Høgre frå 2009. Myraune meiner Høgre har hatt ei tydeleg dreiing dei siste åra, i tråd med at partiet har hatt større aktivitet utover landet.
- No har vi har tre stykk i stortingsgruppa som er medlemmar i Bondelaget, påpeikar han.
Myraune seier han er svært nøgd med distriktsprofilen til partiet, men vedgår at det har vore naudsynt å ta i nokre tak for å få denne på plass.
Mellom anna måtte han krangle seg til å få Høgre til å vedta ei landbruksfråsegn under landsmøtet.
LES OGSÅ: Usemje om landbruk i Høgre
Han avviser likevel at det er konflikt mellom storby og landsbygd i Høgre.
- Eg trur ikkje Høgre har ein sjanse til å klatre på meiningsmålingane om vi ikkje har med oss bygda. Vi må ha med heile landet. Det har vi stor gehøyr for i partiet, seier han.












