Etter planen skulle staten ha lagt fram tilbodet i årets jordbruksoppgjer torsdag, same dag som Nationen hadde hovudoppslag om at 4300 mjølkebønder har slutta dei siste fem åra.
Statens forhandlingsleiar Leif Forsell varsla torsdag i staden at tilbodet blir forseinka.
Bjørke: - Rimeleg sikker
Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag seier fredag føremiddag at han ikkje trur tilbodet kjem før tidlegast til helga.
- Eg er rimeleg sikker på at tilbodet ikkje kjem i dag. Om det kjem i helga, eller over helga, kan vi berre spekulere i, seier Bjørke til Nationen.no.
Kan drøye til over helga
Bjørke viser til at tilbodet i fjor blei lagt fram på ein laurdag, men han utelukkar ikkje at det kan gå endå lenger tid denne gongen.
- Tilbodet kan blir kome i morgon, men det kan også gå til over helga, seier Bjørke.
Ryggmargsrefleksen
Leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag har heller ikkje høyrt noko.
- Ryggmargsrefleksen seier at tilbodet ikkje kjem i dag, men eg veit ikkje. Derfor har eg mobilen på, seier Furuberg.
Lang reiseveg
Ho uttrykker ein viss frustrasjon over situasjonen og ho viser til at fleire i forhandlingsutvalet har lang reisetid.
- To må ta fly for å kome fram, og det tar tid. Eg har også opp mot tre timar i bilen for å nå fram til Oslo, seier Furuberg, og viser til at det derfor er vanskeleg å nå fram på kort varsel.
Furuberg meiner det er uforståeleg at staten bruker så mykje ekstra tid.
- Er nok politiske avklaringar
Bjørke meiner også at staten burde kunne lagt fram tilbodet raskare.
- Kva er grunnen til at det tar så lang tid?
- Det er nok politiske avklaringar, men det må du spørje politikarane om.
- Kan det vere strategiske grunnar også?
- Ein skulle tru at det gjekk greitt å kome med eit tilbod sidan mandatet frå landsmøta var klare, seier Bjørke.
Krev fleksibilitet tilbake
Bjørke seier han forventar fleksibilitet frå statens side når det gjeld forhandlingsfristar om tilbodet blir sterkt forseinka.
- Vi forventar fleksibilitet tilbake når det tar lang tid, seier Bjørke.












