Eigedomsskatt
Norseth er også ordførar i Smøla kommune i Møre og Romsdal. Kommunen husar dei første store vindmølleparkane, som kom i 2002 og 2005. 68 vindturbinar står ifølgje ordføraren for ein kraftproduksjon ikkje langt unna eit Alta-kraftverk.
Statkraft investerte i si tid 1,2 milliardar kroner i prosjektet, og gjennom innføring av eigedomsskatt på verker og bruk får kommunen sju promille av den opphavlege investeringsverdien til vindmølleparken i eigedomsskatt i året.
— Dei pengane har vore gode for oss, seier Norseth, men meiner dei som stiller grunn til rådvelde bør får ein endå større del av verdiskapinga.
— Vi har ein om lag 100 år gammal tradisjon i Noreg for at lokalsamfunn skal nyte godt av og få ein del av den verdiskapinga dei stiller grunn og ressursar til. Det gjeld for vasskraft, men er fråverande for vindkraft, seier Norseth.
Det vindkraftkommunane vil ha er eit regime tilsvarande det som finst for vasskraftkommunar, men som ikkje blir belasta utbyggjarane.
— Det andre vi går inn for er ei konsesjonsavgift, som ikkje tek til å gjelde før anlegget viser lønsemd, seier Norseth.
Han etterlyser også eit regelverk for utbygging.
— Vi ønskjer vindkraft, men i ordna former for å få det rettferdig og føreseieleg. Som det no er blir det eit bingosystem. Plutseleg dukkar det opp folk som har avtale med ein grunneigar, så har dei seld det vidare. Vi veit om kommunar som har både tre og fire aktørar inne samstundes med planar. Det kan bli vanskeleg å handtere. seier Norseth.
Samanliknar ikkje
Tysdag var olje- og energiminister Ole Borten Moe på synfaring på Måløy i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane, der statsråden og følgje vart orientert om planar og potensial for vindkraft i fylket.
Ola Borten Moe følgjer ikkje vindkraftkommunane når dei samanliknar seg med vasskraftkommunane.
— Det er ein vesentleg forskjell. Vasskrafta er svært lønsam og har høg avkasting, særleg dei nedbetalte anlegga. Det er også difor dei betaler langt høgare skatt enn andre verksemder. Vindkraft er i den motsette situasjonen, og vil ikkje vere lønsam utan subsidiar. Eg meiner det er bakvendt først å subsidiere, for så å gjere utbyggingsprosjekta mindre attraktive gjennom inndraging av fortenesta, seier Borten Moe.
Statsråden ser kommunane som viktige aktørar i spørsmålet om ein ønskjer vindkraft eller ikkje.
— Heldigvis er det mange kommunar som ønskjer denne typen aktivitet også i dag. I tillegg til eigedomsskatt og det dei avtalar med utbyggjarane, kan vindkraftutbygging også medføre oppgradering av vegar og linjenett.
Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som gir konsesjonar for vindkraft.
NVE har så langt behandla 43 konsesjonssøknader. 13 av desse konsesjonane er heilt eller delvis bygd ut. Rundt 20 av søknadene er ferdig behandla, men utbygginga er ikkje begynt. 11 av konsesjonssøknadene er påklaga til Olje- og energidepartementet.
— Normalt er det naboar eller miljøorganisasjonar som klagar, seier senioringeniør Lars Håkon Bjugan i konsesjonsavdelinga i NVE.
I tillegg har NVE motteke rundt 60 meldingar om prosjekt som er på eit tidleg stadium i planlegginga.
— Det er teikn som tyder på at også område innover i landet kan bli aktuelle for vindkraftutbygging, seier Bjugan.












