Etter finanskrisa har salet av økologisk mat stupt, og framleis er det lite teikn til betring.
Produksjonen av økologisk mat her i landet har derimot auka jamt og trutt, stimulert av sterke politiske støtteerklæringar og mål. For mange sentrale matvarer har det ført til at under halvparten av den økologiske produksjonen faktisk får ein kjøpar.
For mjølk, kjøtt og egg blir berre rundt halvparten av produksjonen, eller mindre, selt som økologisk. For grønsaker er tala usikre sidan mange leverer direkte til matkjedene og det er bonden som står utan kjøpar om salet uteblir.
Kjedene: — Liten fanklubb
Daglegvarekjedene seier det i praksis er få kundar som kjøper økologisk mat når dei handlar.
— Økologiske varer har ingen stor fanklubb i Norge. Mange er positive til økologisk i spørjeundersøkingar, men vi ser lite til det i butikkane. Sjølv om vi køyrer kampanjar så har ikkje salet tatt av, seier konserndirektør for samfunnskontakt Per Roskifte i NorgesGruppen.
Han ser ingen fullgode forklaringar på kvifor salet av økologisk mat er labert, men han trekkjer fram pris som ein mogleg faktor.
— Økomaten er dyrare. Det kan virke inn. Mange meiner nok også at dei ordinære matvarene er meir enn gode nok, og dei vil derfor ikkje betale for den tilleggsverdien økomaten har, seier han og understrekar at dei ikkje tar høgare marginar på økomat enn elles.
Også Rema 1000 trekkjer fram pris som ein viktig forklaringsfaktor til at salet av økomat er labert, i tillegg til at folk stoler på det konvensjonelle landbruket og opplever den vanleg dyrka maten som rein og naturleg.
— Har ikkje tatt av
Det totale salet av økologiske varer er svært lågt i alle kjedene. I Coop var det totale økosalet i fjor på 1,24 prosent av totalen målt i verdi. Nationen har ikkje lukkast med å få volumtal.
Miljøsjef Knut Lutnæs i Coop seier at bilete langt ifrå er eintydig, sjølv om det økologiske grønsakssalet gjekk ned fire prosent målt i verdi i første kvartal i år samanlikna med same periode i fjor.
— Økosalet har ikkje tatt av, men når ein tek omsyn til effekten av finanskrisa meiner eg vi ser at kundane ønskjer økologiske varer, seier han.
Han trekkjer også fram prisfokus som ei årsak til at økosalet ikkje er større, i tillegg til bilete av norsk landbruk som reint, trygt og småskala.
— Mange grønsaksbønder må redusere økoproduksjonen?
— Det vil alltid gå litt opp og ned. For den enkelte produsent er jo det trist, men det er ikkje store endringar i volum, seier Lutnæs.
Bonden får rekninga
Rekninga for overproduksjonen av økologiske matvarer er det produsentane som får. Nationen har snakka med ei rekkje økobønder og pakkeri på Austlandet som har selt økologiske grønsaker på tap som ordinære varer, eller som har måtte kasta økovarer som det ikkje var mogleg å få selt. Fleire har måtte kutte arealet kraftig.
På kjøtt og mjølk er det bøndenes eige marknadsapparat, samvirka, som tar støyten. Norgården, som er økomerket til Nortura, melder om salssvikt på 8 prosent. Meirprisen som Nortura betalar til økobøndene blir det dermed ikkje inndekning for.
For Tine er tapet på over 20 millionar kroner sidan dei i fjor hadde nær 30 millionar liter med økomjølk som ikkje let seg selje som økomjølk.
— Det har vore behov for å stimulere produksjon av økomjølk for å sikre nok råvare til forventa etterspørsel, men ubalansen er ei utfordring og kan ikkje vare over lang tid. Derfor har vi tatt grep på tilbodssida og vi vil styrkje marknadssida for å få opp etterspørselen, seier kommunikasjonssjef Lars Galtung i Tine.
Tine betalar 75 øre meir per liter til økobønder enn til andre, men til nå har det vore vanskeleg å ta ut meirprisen i marknaden.
Må halvere produksjonen
Laurits Stokkeland er ein av bøndene som får svi på grunn av salsvikten. Han har fått beskjed om å halvere dyrkinga av økopoteter. I år måtte han selje 10 tonn økopoteter på tap som vanleg vare.
— Sist veke køyrde eg 10 tonn økopoteter til pakking som vanlege poteter. Det tapte eg 30.000 kroner på, men det var betre enn å kaste dei, seier Laurits Stokkeland og ristar på hovudet.
I godt over 10 år har han drive med økologisk grønsakproduksjon på Brusand i Hå på Jæren. I fjor hadde han 20 mål med økologiske poteter, 15 mål med økogulerot og 5 mål økologiske rødbeter. Halvparten av gulrotavlinga måtte pløyast ned etter at ugraset tok fullstendig overhand. Økopotetene er lettare å halde ugrasfrie gjennom mekanisk radrensing, men der svikta salet.
Stokkeland er likevel nøgd med mottakaren Coops innsats.
— Eg vil gjerne skryte av Coop, som gjer ein tapper innsats. Dei støtter økovarene på pris, men forbrukarane vil likevel ikkje ha meir økovarer, seier Stokkeland.











