Konkurransetilsynet får det glatte lag av professor Reidar Almås ved Norsk institutt for bygdeforsking ved NTNU.
Matkjedeutvalet la i går fram fleire tiltak for å avgrense daglegvarekjedene si makt i verdikjeda. Almås meiner Konkurransetilsynet ikkje har gjort jobben sin tidlegare.
— Heile rapporten er ein offentleg refs av Konkurransetilsynet, seier Almås.
— Det er ikkje mi vurdering av rapporten at den er ein sterk kritikk av Konkurransetilsynet, seier direktør Christine B. Meyer.
Almås seier matkjedearbeidet ikkje kan tolkast på nokon annan måte enn at den raudgrøne regjeringa ikkje har vore nøgde med jobben Konkurransetilsynet har gjort.
— Det har vore stor interesse kring utvalet, og tre statsrådar har fått overlevert rapporten, seier Almås.
LES ÒG: Matmaktutreiar Einar Steensnæs svarar på spørsmål frå Nationen-lesarane
Manglar bevis
Konkurransetilsynet har innsyn i bransjeavtalane som blir inngått mellom leverandørar og daglegvarekjeder, men har ikkje funne bevis på ulovleg praksis.
— Konkurransetilsynet blir, som mange andre, nærsynte. Det handlar ikkje nødvendigvis om prisar til forbrukar, eller om det er god konkurranse i hyllene. Det store bilete rapporten trekkjer opp er at daglegvarekjedene har fått for stor makt, seier Almås.
Utvalet meiner ein konsekvens av sterk maktkonsentrasjon på sisteleddet er at små leverandørar ikkje får tilgang til butikkhyllene.
— Dette burde vera ei sak for Konkurransetilsynet, seier Almås.
Han meiner framlegget om ein ny lov om god handelskikk og eit ombod for å ettersjå maktkonsentrasjon er godt.
— Ein kombinasjon av ein type som Georg Apenes og ei publiseringsplikt for matkjedene som får påtale, lik den pressa har når dei blir felt i PFU, bør til, seier Almås.
LES ÒG: Sp krever innsyn i matkjedenes avtaler
Han meiner eit ombod må vera fullstendig fristilt, noko Konkurransetilsynet er samd i.
— Me er komfortable med at ombudet blir lagt utanfor Konkurransetilsynet, seier Meyer.
Usamd med rapporten
Konkurransedirektøren er «litt usamde» i vurderingane i rapporten av kva dei største problema er.
— Dei største konkurranseproblema er i leverandørkjeda. Der er fleire sektorar dominert av ein eller nokre få aktørar. Døme på slike aktørar er Tine, Nortura og Coca-Cola, seier Meyer.
Ho gjev Almås rett i at mange små leverandørar opplever at det er utfordrande å forhandle med kjedene.
LES ÒG: Enighet om strengere lover for matbransjen
— Me har relativt stor konsentrasjon mellom daglegvarekjedene. Desse blir ei motmakt i høve til dei store aktørane på leverandørsida. Dei blir eit viktig konkurransemessig korrektiv, seier Meyer.
Konkurransetilsynet fylgjer dei 20 største aktørane tett, og Meyer seier dei er mest bekymra for konsentrasjonen lenger opp i verdikjeda.
— Det er for vanskeleg for utanlandske kjeder å etablere seg i Noreg.











