Tal frå SSB syner at det vart felt 39.100 hjort i løpet av jakta hausten 2010 og vinteren 2011. Det er ei auke nesten 1400 dyr frå året før. Fellingstalet har auka kvart einaste år sidan jaktåret 1989/90.
For tredje år på rad er hjortejakta større enn elgjakta. Det vart felt 36.400 elg under jakta hausten 2010 og vinteren 2011, nok som er 2700 færre enn talet på felte hjort.
Av ei fellingskvote på 54 350 hjort vart 72 prosent skoten. Talet på fellingsløyvar har aldri vore høgare og auka med over 3400 dyr frå året før.
Også i år vart det felt flest hjort i Sogn og Fjordane. I alt vart 11.800 dyr av ei kvote på om lag 15 600 felt. Det er ei auke på 170 dyr samanlikna med året før. Det vil seie at nesten kvart tredje hjort vart felt i Sogn og Fjordane.
Kvinnherad i Hardanger vart derimot den kommunen der det vart felt flest hjort. Totalt 1245 dyr vart skoten der.
Trysil i Hedmark vart den største elgkommunen. Der vart det skoten 1006 elg. Elgtettleiken, målt i talet på felte elg per 10 kvadratkilometer jaktareal, var høgast i Vikna.
Det var gjeve løyve til å felle nærare 45.200 elg, melder SSB, noko som er ei auke på nesten 800 dyr frå året før. Fellingsprosenten hamna på 81, det same som dei tre siste åra.












