— Å få ned energibruken har vore vesentleg for at me skulle kunne halde fram med produksjon av planter og blomar lokalt, seier Ole Hogstad, dagleg leiar i Drivstua gartneri i Trondheim.
Les òg: Høge straumprisar stengjer gartneri
Gartneriet har berga produksjonen ved å halvere energibruken på få år. I dag får dei heiderleg omtale av juryen i Trondheim kommune sin energisparepris for 2011.
Fornybar energi
Drivstua har gjennom fleire år jobba mot å legge om varmeproduksjon til fornybar energi. Arbeida er utført av AF Energi & Miljøteknikk.
— Me er i sterk konkurranse med gartneri i Europa, og straumforbruket er høgare her i nord. Energisparinga som AF har gitt oss hjelp med, gjer det mogleg for oss å halde fram med å produsere blomar og planter lokalt i Trøndelag, seier Hogstad. Dei er ikkje åleine. Dei fleste gartneriar slit med høgt kostnadsnivå på grunn av stort energiforbruk.
— Kostnadsnivået på energisida i vår bransje er veldig høgt. I eit vanleg veksthus utgjer energi 25—40 prosent av den totale driftskostnaden, seier Sidsel Bøckman, konsulent i Norsk gartnerforbund.
Halvert energiforbruk
Mellom anna har dei bytt ut dei gamle oljekjelane med ein moderne varmesentral med luftvarmepumpe. Drifta av det nye anlegget vert styrt via internett.
I det nye anlegget er temperaturen i vassanlegget senka til rundt 40 grader, noko som gir mindre varmetap og mindre energibruk i heile gartneriet.
— Som dei fleste andre gartneri i landet hadde Drivstua svært høge driftskostnader på energibruk. Tidlegare brukte gartneriet ca. 1 500 000 kilowattimar i året, men no er energiforbruket halvert til om lag 750 000 kilowattimar, seier Thore Larsen, energirådgivar i AF Energi & Miljøteknikk.












