Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster
Den tidlegare bondelagsleiaren Bjarne Undheim er kritisk til at saka om NHO-medlemsskap for Tine kjem opp på nytt. Foto: Morten Holm, Scanpix

Den tidlegare bondelagsleiaren Bjarne Undheim er kritisk til at saka om NHO-medlemsskap for Tine kjem opp på nytt. Foto: Morten Holm, Scanpix

Tidlegare bondetopp kritisk til NHO-prosess

Den tidlegare bondelagsleiaren Bjarne Undheim er kritisk til at saka om NHO-medlemskap kjem opp på nytt i Tine.

Publisert: 22.03.2011 00:01

Det har vekt reaksjonar frå stadig fleire hald at bondeeigde Tine på nytt diskuterer å melde seg inn i NHO. No tek også tidlegare leiar i Norges Bondelag, Bjarne Undheim, til orde mot prosessen Tine-leiinga har sette i gang.

 

Historielause

— Tine er historielause når dei seier dei vil inn i NHO, seier Undheim. Han meiner det er prinsipielle grunngivingar til at Tine ikkje bør bli medlem i organisasjonen.

 

— Ser ein på kampar oppigjennom tidene, og dei komande WTO-forhandlingane, befinn NHO seg på motsett side. Organisasjonen er pådrivar til ein ny avtale. Sjølv om landbruksorganisasjonane ikkje direkte er mot WTO, treng me ein god avtale på landbruk, seier Undheim.

 

Den tidlegare bondelagsleiaren syner til Tine-ICA-saka som eit døme på kva som kan oppnåast når landbruket står samla.

 

— Då saka var på sitt varmaste vart Tine si rolle som marknadsregulator diskutert. Det vart reist krav om at Tine skulle delast opp, og at eksterne eigarar skulle inn. Av di så mykje stod på spel for Tine kalla Bondelaget landbruksorganisasjonane inn til møte, seier Undheim.

Han seier landbruksorganisasjonane med hjelp frå dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik fekk stogga åtaket på norsk landbruk og Tine.

 

— Når så viktige saker for norsk landbruk si framtid er oppe, er det utruleg viktig at me står i hop. Eg tvilar på at NHO ville vore til hjelp i denne saka, seier Undheim.

 

Inn for å påverke

Eit av argumenta konsernstyret i Tine har nytta for å bli medlem av NHO er at meierisamvirket må inn for å påverke organisasjonen. I dag er Tine sine konkurrentar Synnøve Finden og Q-meieria med i Mat og bio sin systerorganisasjon, NHO Mat og drikke.

 

— Tine må stole på eigen kapasitet og på Norsk Landbrukssamvirke. Dessutan blir det litt som EU-spørsmålet, at Noreg skal inn i EU for å påverke, seier Undheim.

 

— Når spørsmålet om NHO-medlemskap kjem opp att tyder det at Tine ikkje tek eit nei for eit nei, seier Undheim.

 

Meir enn BI

Undheim meiner dei tillitsvaldeti store konsern har ei formidabel oppgåve.

 

— Tillitsvalde skal ha kunnskap om konsernet, økonomi og også kva rolle bedrifta har som forvaltar av landbrukspolitikk. Til dette trengst meir enn eit BI-kurs, seier Undheim.

 

Undheim meiner mjølkeproduksjonen er den næringa det ligg mest politikk i av alle næringar.

 

— For å ha landbrukspolitikk i heile landet er det nødvendig å ha mjølkeproduksjon i heile landet. Og hadde me ikkje hatt landbrukspolitikk hadde det heller ikkje vore landbruk i Noreg, seier Undheim.

 

Les også: Tine må tørre å ta NHO-debatten

 

Ein annan politikk

 

Undheim meiner den viktigaste grunngjevinga for å ikkje gå inn er at NHO står for ein annan politikk enn det landbruket står for.

 

— Det marknadsorienterte NHO kolliderer med dei verkemidla landbruket vil ha og treng for å kunne drive. Det er den totale politikken til NHO som er problemet, seier Undheim.

 

Av dei spørsmåla landbruksorganisasjonane og NHO er usamde på trekkje Undheim fram omsetjingsloven, marknadsregulering, prisutjamninga på mjølke og statlege overføringar til landbruket.

 

— Og dette er noker av dei viktigaste verktya for norsk landbruk. Eg trur ikkje Tine vil klare å snu NHO i desse spørsmåla, seier Undheim.

 

Nationen hadde ein avtale om intervju med styreleiar Trond Reierstad om eit intervju om HNO-kritikken i går ettermiddag, men ifølge Tines informasjonsavdeling vart han forhindra. I staden fekk Nationen tilbod om eit intervju tirsdag.

 

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT
  • Kampen om kirken

    Kampen om kirken

    Noen frykter at en fristilt kirke blir mindre demokratisk og åpen. Andre mener at skillet truer vår kristne kultur.

  • - Trugsmål frå regjeringa

    - Trugsmål frå regjeringa

    Svenn Arne Lie reagerer sterkt på Stortinget ikkje får diskutere rammene i årets jordbruksoppgjer

  • Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Då det i 2000 var brot mellom staten og bondeorganisasjonane, var Senterpartiet i opposisjon og jobba knallhardt for eit betre tilbod enn det bondeorganisasjonane hadde takka nei til..

  • Bonde i Røyken selger 110 ammekyr og gir opp

    Bonde i Røyken selger 110 ammekyr og gir opp

    For ni år siden investerte Martin Bøe flere millioner kroner og utvidet fra 13 til 95 kyr, men inntektene står ikke i forhold til innsatsen..