Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster
16 gardsbruk er lagt ned kvar veke det siste året. Illustrasjonsfoto: Colourbox

16 gardsbruk er lagt ned kvar veke det siste året. Illustrasjonsfoto: Colourbox

862 færre bønder det siste året

På eitt år har det blitt 862 færre bønder. Nedleggingstempoet er det høgaste som er registrert på tre år. Bondelaget svarar med å krevje inntektsløft.

Publisert: 18.03.2011 00:02

Nedleggingstempoet i jordbruket vart dempa etter regjeringsskifte i 2005, men nå er takten i nedleggingane i ferd med å ta seg opp att.

 

Det viser statistikken over mottakarar av produksjons- og avløysartilskot, som Statens landbruksforvaltning (SLF) la fram denne veka.

 

16 bruk borte kvar veke
Utbetalingane i februar, som er ein av to årlege, gjekk til 44.580 bønder eller jordbruksføretak.

 

Det er ein nedgang på 862 mottakarar frå året før.

 

Søk i tilskotslistene

 

Tilskotslistene blir brukt av aktørane i landbruket for å anslå talet på bønder, og tala over tilskotsmottakarar viser at det er lagt ned meir enn to gardsbruk kvar dag og meir enn 16 gardsbruk kvar veke det siste året.

Søkjartala for februartildelinga viste ein nedgang på 877 bønder samanlikna med same runde året før. Året før var nedgangen på 736 søkjarar.

 

Les også: Økobønder i Eidsvoll toppar tilskotslista

 

Talet på nedleggingar auka dermed klart, og den relative nedgangen er den største på tre år.

Den samla tilskotssummen auka med litt under 3,5 prosent frå året før, til rett over 5 milliardar kroner i produksjons- og avløysartilskot i februar i år.

— Kolliderer med matmålet
Norges Bondelag er blant aktørane i jordbruket som er bekymra over at nærare 900 gardsbruk har kasta inn handklede det siste året.

 

Leiar Nils T. Bjørke seier nedgangen ikkje kan halde fram.

— Nedgangen viser kor viktig det er med langsiktige og gode rammevilkår. Det må vi få på plass i landbruksmeldinga, og mange nedleggingar går ikkje i hop med ambisjonane om å auke matproduksjonen basert på norske ressursar, seier Bjørke.

Les også: Dekker underskudd på lam og storfe med import

 

Han seier seg glad for at nedleggingstakten trass alt er lågare enn for fem-seks år sidan, men han seier seg langt frå nøgd med at over 16 gardsbruk blir lagt ned kvar veke.

— Det er svært urovekkjande at så mange sluttar. I landbruksmeldinga må vi få langsiktige og tydelege mål og ønskje, og så må det følgjast opp med kroner og øre i jordbruksoppgjeret. Mange bønder har venta lenge på at det skal skjer noko, men blir det ikkje ei klar betring snart vil nedleggingane berre auke på, seier Bjørke.

 

 

Han viser til at investeringskostnadene er store og at mange bønder ikkje får reknestykket til å gå i hop.

— Landbruket treng ein solid inntektsvekst, og nå er det ikkje lenger nok å halde følgje med andre grupper. Gapet til andre grupper må tettast i tillegg, seier han.

— Driv motstraumspolitikk
Statssekretær Ola T. Heggem (Sp) i Landbruks- og matdepartementet seier nedleggingstakten hadde vore endå større dersom regjeringa ikkje hadde sett i verk mottiltak.

— Det er mogleg det er ein auke i nedleggingstakten, men den er ikkje så stor. Vi har hatt ein klar ambisjon om å dempe nedleggingstakten. Det har vi fått til, iallfall delvis. Vi har aldri hatt ambisjon om å få nulle ut nedgangen, seier Heggem.

— Meiner du at nedleggingane er på eit akseptabelt nivå?

— Nei, etter mi meining går det vel fort, og det er urovekkjande sett frå bygdenes side. Vi driv motstraumspolitikk. Rundt oss går det mot større einingar over alt. Vi set inn tunge tiltak for å dempe nedlegginga, og vi har lukkast eit stykke på veg.

— Mange nedleggingar strir vel mot målet om meir mat på norske ressursar?

— Ja, det er uheldig at færre deltek med tanke på auka produksjon, men det er ikkje 100 prosent samanfall mellom talet på bønder og evna til å utnytte ressursane.

— Bondelaga krev høgare inntekt. Vil jordbruket få eit løft?

— At det blir etterlyst meir pengar på denne tida av året, er vi vane med. Det må vi kome tilbake til. Regjeringa har eit mål om å vidareutvikle inntektsutviklinga, som det heiter i regjeringsplattformen. Den ambisjonen står ved lag, seier Heggem.

 

 

Søk i tilskotslistene

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT
  • Kampen om kirken

    Kampen om kirken

    Noen frykter at en fristilt kirke blir mindre demokratisk og åpen. Andre mener at skillet truer vår kristne kultur.

  • - Trugsmål frå regjeringa

    - Trugsmål frå regjeringa

    Svenn Arne Lie reagerer sterkt på Stortinget ikkje får diskutere rammene i årets jordbruksoppgjer

  • Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Då det i 2000 var brot mellom staten og bondeorganisasjonane, var Senterpartiet i opposisjon og jobba knallhardt for eit betre tilbod enn det bondeorganisasjonane hadde takka nei til..

  • Bonde i Røyken selger 110 ammekyr og gir opp

    Bonde i Røyken selger 110 ammekyr og gir opp

    For ni år siden investerte Martin Bøe flere millioner kroner og utvidet fra 13 til 95 kyr, men inntektene står ikke i forhold til innsatsen..