Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster
Skjermdump frå fiksgatami.no

Skjermdump frå fiksgatami.no

Vil du få fiksa gata di - meld frå på FiksGataMi

Det er lettare å seie frå om dårleg vedlikehald og manglande brøyting. Ny nettside stiler meldinga til rett adressat.

Publisert: 08.03.2011 09:42
Ny nettstad gjer det lettare for deg som innbyggjar å melde frå om skader som på biletet. Foto: Sire Juell Rasmussen

Ny nettstad gjer det lettare for deg som innbyggjar å melde frå om skader som på biletet. Foto: Sire Juell Rasmussen

Tysdag morgon var det kome inn 450 meldingar på nettstaden FiksGataMi, som blei lansert i går. Frå heile landet fortel innbyggarar om holete vegar, manglande måking og ymse forslag.

 

Medan fleire kommunar allereie har liknande tenester, dekkjer den nye nettstaden heile landet. Dermed blir det lettare for deg som innbyggjar å melde frå om feil eller manglar, utan å tenkje på kvar du skal rette beskjeden. FiksGataMi sender meldinga vidare til riktig kommune eller etat.


— Utgangspunktet er at du som innbyggjar skal kunne melde frå om ein feil eller mangel, utan at du treng å vite for mykje om kven som burde ha beskjed, seier Christer Gundersen til NRK.

 

Han er fungerande direktør i Friprogsenteret - eit kompetansesenter som er finansiert av Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Friprogsenteret arbeider for at både næringsliv og det offentlege skal bruke fri programvare i IKT-løsningane sine.

 

Når problemet er retta opp i, skal kommunen gi beskjed tilbake. Gundersen understrekar at det ikkje ligg nokon garanti i å få retta opp mangelen, sjølv om det no er lettare å melde frå.

 

 


Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT
  • Kampen om kirken

    Kampen om kirken

    Noen frykter at en fristilt kirke blir mindre demokratisk og åpen. Andre mener at skillet truer vår kristne kultur.

  • - Trugsmål frå regjeringa

    - Trugsmål frå regjeringa

    Svenn Arne Lie reagerer sterkt på Stortinget ikkje får diskutere rammene i årets jordbruksoppgjer

  • Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Då det i 2000 var brot mellom staten og bondeorganisasjonane, var Senterpartiet i opposisjon og jobba knallhardt for eit betre tilbod enn det bondeorganisasjonane hadde takka nei til..

  • Bonde i Røyken selger 110 ammekyr og gir opp

    Bonde i Røyken selger 110 ammekyr og gir opp

    For ni år siden investerte Martin Bøe flere millioner kroner og utvidet fra 13 til 95 kyr, men inntektene står ikke i forhold til innsatsen..