Sjølv om bonden får mindre betalt per liter mjølk, må du betale meir i butikken for mjølka. Tine og daglegvarebransjen tek ein stadig større del av kaka, syner ferske tal på utviklinga av prisen på mjølk til bonde og i butikk.
Medan prisen til bonden har auka frå 2,90 kroner i 1989 til 4,20 kroner i 2009, har prisen forbrukaren må betale i butikk, auka frå 6,50 til 14,40 i same periode.
Frå 1989 har konsumprisindeksen (kpi) auka frå 100 til 151,4 poeng. Hadde prisen til bonden følgt kpi, skulle han hatt 4,39 kroner per liter mjølk i 2009. 19 øre meir enn han faktisk fekk. Hadde mjølkeprisen i butikk følgt kpi, skulle den vore 9,84 kroner i 2009, altså 4,56 kroner lågare enn det forbrukaren faktisk måtte betale.
I realiteten er skilnaden i favør butikkjeden endå større, fordi momsen er redusert frå 20 til 14 prosent i løpet av perioden.
Forbrukarrådet reagerer på prisskilnaden.
— Prisen syner aukande forhandlingsmakt til kjedeleddet. Det har skjedd ei maktforskuving dei siste åra, seier Hanne Brostrøm, fungerande direktør for mat og handel i Forbrukarrådet.
Tek genvinsten
Sidan 1990 har dei fire store daglegvarekjedene fått større kontroll over marknaden. Då kontrollerte dei 45 prosent av alle matbutikkane i Noreg, i dag kontrollerer kjedene 99 prosent.
— Me trur kjedene sit att med ein uforholdsmessig del av gevinsten, og set spørjeteikn ved om låge råvareprisar kjem forbrukaren til gode når maktkonsentrasjonen er så stor, seier Brostrøm.
Ho seier Forbrukarrådet fyrst og fremst er opptekne av at forbrukarane skal få rett pris, og ikkje nødvendigvis lågast pris.
LES OGSÅ: Forbrukerrådet vil la folk sjekke matpriser hjemmefra
— Betre konkurranse vil koma forbrukaren til gode. I dag er ikkje konkurransen god nok, seier Brostrøm, som vil ha fleire aktørar på marknaden, betre utval og meir openheit.
Bonden får mindre
Den tidlegare landbruksforskaren Svenn Arne Lie, som har laga statistikken over mjølkeprisane, meiner tala syner maktforholda i verdikjeda.
— Bonden fekk meir for mjølka for 20 år sidan enn i dag. Prisauke på mjølk i butikken kjem ikkje bonden til gode. Dette illustrerer maktforholda i bransjen, seier Lie.
Han meiner landbrukspolitikken dei siste åra har stimulert til høgare volumproduksjon per eining. Likevel er inntekta til bonden kraftig redusert. Realinntekta per årsverk har stått stille sidan 1978.
— Andre stikk av med gevinsten, og bøndene sit med kostnadene og stordriftsulempene ved høg volumproduksjon, seier Lie.
LES OGSÅ: Høgsterett aksepterer Tine-anke
Han meiner kjedene tener økonomisk på rasjonaliseringa bøndene har vore gjennom.
— I jordbruksforhandlingane kvart år blir det sagt at skal bonden ha meir, vil mjølka bli dyrare i butikk. Dette er skremselspropaganda frå daglegvarebransjen, forbrukaren betalar meir og bonden får mindre. Mellomlegget hamner hjå daglegvarekjedene, seier Lie.
Vil ha betre omfordeling
Lie meiner bøndene kan få meir betalt for produkta sine ved ei anna omfordeling.
— Når bonden får 4,20 kroner av 14,40 kan ein sjå for seg at til dømes Rimi får ei krone mindre og bonden ei krone meir per liter mjølk.
Statssekretær Ola T. Heggem i Landbruks- og matdepartementet seier han ikkje har bastante oppfatningar om kven som får kva.
— Men det berre 40 prosent av prisutviklinga statistikken syner som skuldast jordbruksoppgjeret, seier Heggem, som meiner det er mogleg å ta ut meir i marknaden.
Heggem seier det er behov for meir fakta kring matvareprisane.
— Me har eit utval i arbeid som skal sjå på heile verdikjeda. Eg forventar at me får eit klårare bilete når dei leverer rapporten i april, seier Heggem.












