Sterk vekst i matvareprisane internasjonalt kan, saman med kostnadsvekst på andre område, gjere årets jordbruksoppgjer vanskelegare enn dei to føregåande åra.
Prisveksten på korn, gjødsel og olje får Bondelaget til å trekkje parallellar til «kriseåret» 2008.
På toppen kjem stigande renter og høge straumprisar i år, medan renta tvert imot gjekk kraftig ned i 2008.
— Situasjonen i år minner på mange måter om 2008. Då hadde også prisane på matvarer gått kraftig opp. Gjødsel og olje følgde etter, noko som gjorde det svært komplisert å anslå kostnadsutviklinga. På gjødsel anslo vi då ein prisvekst på 30 prosent, men sidan veksten blei endå kraftigare enda det opp med ekstraordinære justeringsforhandlingar eit drøyt halvår seinare, seier fagsjef Anders Huus i Norges Bondelag.
— Vil de krevje ein reforhandlingsklausul også i år?
— Det er det for tidleg å seie noko om, men vi registrerer at gjødselprisen alt har gjort hopp oppover. For kraftfôr er utslaga svært usikre, og rentene reknar økonomane med vil gå opp, dieselprisen aukar og straumprisen ligg høgt. Det kan bli svært vanskeleg å anslå kostnadsutviklinga, men vi får sjå kva Budsjettnemnda (legg fram materiale som dannar grunnlaget for jordbruksforhandlingane red. anm.) legg fram først, seier Huus.
Minst 600 millionar dyrare
Nationen utfordra Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (Nilf) til å lage nokre anslag på kostnadsutviklinga for dei mest sentrale produksjonsmidla i jordbruket.
For kraftfôr, som er ein av dei klart tyngste kostnadspostane, er det svært usikkert i kor stor grad auken i prisen på kornråvarer vil slå inn. For mange av dei andre store kostnadene er det lettare å spå.
— Oppgang i realrentene vil åleine truleg auke utgiftene med opp mot 400 millionar kroner berre frå i fjor til i år. Gjødselprisen trur vi kan auke med rundt 15 prosent, noko som utgjer 200 millionar kroner. Dieselkostnadene reknar vi med går opp litt over 50 millionar kroner, seier direktør Ivar Pettersen på Nilf.
Veksten i desse tre kostnadspostane i bøndenes rekneskap utgjer åleine over 600 millionar kroner, ifølgje Nilf-anslaga.
Det beløpet må saman med andre kostnader dekkjast inn gjennom auka matvareprisar eller budsjettstøtte før bondeorganisasjonane i det heile kan begynne å tenkje på å forhandle om auka bondeinntekt.
I tillegg kan energikostnadene auke med 370 millionar kroner, ifølgje Nilf. Då inkludert både diesel og elektrisitet, men Pettersen tek høgde for at prognosane i el-prisane er usikre.
Dersom anslaga slår til kan kostnadsveksten på desse postane samla bli på nær ein milliard kroner på eitt år.
Ytterlegare oppgang i 2012
I årets jordbruksforhandlingar blir det forhandla om inntekta til bøndene i 2012.
Nilf har ikkje rekna på kostnadsveksten frå 2011 til 2012, men det må bondeorganisasjonane gjøre, og ta høgde for, i kravet dei skal leggje fram.
Nationen har fått sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i First Securities til å sjå på utviklinga i nokre av kostnadspostane i landbruket, og den venta veksten i rentenivået er blant endringane som vil slå kraftigast ut.
— Slik det ser ut i dag reknar vi med at renta vil auke med 0,3 prosentpoeng i snitt frå 2010 til 2011, og ytterlegare 0,9 prosentpoeng opp i 2012, seier Andreassen.
Med ein lånt kapital på over 40 milliardar kroner i landbruket vil rentehopp slå kraftig ut.
Kraftfôrprisen vil derimot verken Andreassen eller andre Nationen har vore i kontakt med spå.












