Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster
- Vi hadde ein svært god diskusjon der mange sider var oppe til debatt. Eg opplevde at mange er positivt innstilt, og ingen sa bastant nei, sier styreleiar Trond Reierstad i Tine. FOTO: ARKIV

- Vi hadde ein svært god diskusjon der mange sider var oppe til debatt. Eg opplevde at mange er positivt innstilt, og ingen sa bastant nei, sier styreleiar Trond Reierstad i Tine. FOTO: ARKIV

Tine tar NHO-debatten på grunnplanet

Etter rådsmøte i fredag opplever styreleiar Trond Reierstad å ha fått full støtte til å gå vidare i prosessen med tanke på å melde overgang til NHO. Siste ord blir ikkje sagt før etter årsmøte.

Publisert: 18.02.2011 16:23
Fakta
Tine og NHO

• Tine er i dag medlem og største aktør i Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA).

• Konsernstyret ønskjer å melde Tine inn i NHO Mat og Bio i staden, der også Nortura er medlem.

• Overgang til NHO blei heftig diskutert i Tine for rundt fem år sidan, men den gongen vart forslaget lagt bort.

Det bondeeigde meierikonsernet Tine er i dag medlem i Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA), men konsernstyret ønskjer å melde overgang til NHO Mat og Bio.

 

Spørsmålet har vore svært kontroversielt i Tine tidlegare, og ein overgang vart stoppa for litt over fem år sidan.

 

Fredag var saka oppe til debatt i konsernrådet, og styreleiar Trond Reierstad er nøgd med responsen.

- Vi hadde ein svært god diskusjon der mange sider var oppe til debatt. Eg opplevde at mange er positivt innstilt, og ingen sa bastant nei. Nokon uttrykkjer tvil, men alt i alt var rådet rimeleg samstemt. Styret har flagga at vi ønskjer å gå inn i NHO, og vi fekk full støtte til å gå vidare med saka, seier Reierstad.

Debatt på grunnplanet
Tine vil utarbeide informasjonsmateriell og saka vil bli diskutert i si fulle breidde i organisasjonen. Spørsmålet vil ifølgje Reierstad bli tatt opp på årssamlingane i dei fleire hundre produsentlaga og på regionmøta.

 

Reierstad ser det også som naturleg at det vil bli ein debatt på årsmøte i slutten av april.

- Både styret og rådet ønskjer ein open debatt rundt medlemskapsspørsmålet, og vi er opptatt av at det skal vere ein reell prosess der alle sider av saka blir vurdert. Så vil styret til slutt fatte eit vedtak ut ifrå det, seier Reierstad.

LES OGSÅ: Tine-rekord gir 480 millionar til bøndene

LES OGSÅ: Landbrukstopp rår Tine til å gå inn i NHO

 

Han understrekar at Tine ved ei eventuell innmelding i NHO vil vidareføre det Reierstad karakteriserer som eit godt samarbeid med Norsk Landbrukssamvirke og faglaga. Og han seier Tine er interessert i finne fram til gode løysingar i samband med ei utmelding frå LA.

- Dei andre medlemene i LA vil måtte diskutere korleis dei vil forhalde seg i så måte, og ta det opp med oss. Vi er interessert i å finne gode løysingar, seier Reierstad.

- Få NHO til å fronte vår sak  
Reierstad fortel at konsernstyret var samrøystes i vedtaket i januar om å gå vidare med saka med tanke på å melde overgang til NHO.

 

LES OGSÅ: NHO-medlemskap en del av intern strategi for Tine

 

Han meiner konkurransesituasjonen gjer at det er viktig for Tine å søkje alliansepartnarar både innanfor næringsliv og politikk, og der meiner han at ein overgang til NHO Mat og Bio vil vere eit viktig bidrag.

- Medan LA er ei rein arbeidsgjevarforeining, er NHO Mat og Bio både ei arbeidsgjevarforeining og ein næringslivsorganisasjon. Det er viktig å ha tunge aktørar som kan fronte Tines standpunkt, og ikkje berre standpunkta til våre konkurrentar, seier Reierstad.

- Er det uproblematisk å gå inn i ein organisasjon som arbeider for EU-medlemskap og liberalisering av handelen?

- Det er ikkje av ideologiske årsaker at vi ønskjer å melde oss inn i NHO, men for å få større draghjelp i vanskelege saker. Under sist EU-avstemming var Mat og Bio, som då heitte KIFF, dessutan mot EU. Eit NHO-medlemskap vil ikkje endre på vårt EU-standpunkt. Tine har felles interesser med fleire andre medlemsbedrifter i NHO Mat og Bio for å sikre importvernet, og vi vil halde fram med å jobbe for det, seier Reierstad.

- Har de vurdert NHO Mat og Drikke, der Q-meieriet er medlem?

- Vi ser for oss Mat og Bio. Der er våre søsterbedrifter og andre med samanfallande syn, seier han.

 

- God debatt i rådet
Styremedlem Einar M. Kristiansen i Tine stadfestar at rådet var nøgd med prosessen og gav støtte til å gå vidare med saka.

- Nå skal saka behandlast i organisasjonen, og så får vi sjå kva som kjem ut av det, seier Kristiansen, som ikkje vil uttale seg om sitt personlege syn på saka.

Ordførar i rådet, Borghild Reenskaug, sa seg godt nøgd med debatten i rådet.

- Vi hadde ein svært god debatt utan steile frontar. Det er eit godt grunnlag når vi skal gå vidare i organisasjonen med saka, seier ho.

 

LES OGSÅ: Styret i Tine vil til NHO

 

 

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT
  • Kampen om kirken

    Kampen om kirken

    Noen frykter at en fristilt kirke blir mindre demokratisk og åpen. Andre mener at skillet truer vår kristne kultur.

  • - Trugsmål frå regjeringa

    - Trugsmål frå regjeringa

    Svenn Arne Lie reagerer sterkt på Stortinget ikkje får diskutere rammene i årets jordbruksoppgjer

  • Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Då det i 2000 var brot mellom staten og bondeorganisasjonane, var Senterpartiet i opposisjon og jobba knallhardt for eit betre tilbod enn det bondeorganisasjonane hadde takka nei til..

  • Bonde i Røyken selger 110 ammekyr og gir opp

    Bonde i Røyken selger 110 ammekyr og gir opp

    For ni år siden investerte Martin Bøe flere millioner kroner og utvidet fra 13 til 95 kyr, men inntektene står ikke i forhold til innsatsen..