Konsernsjef Dag Mejdell i Posten Norge kan fortelje om forbetra driftsresultat frå 2009 til 2010, trass i at aktiviteten gjekk tilbake. Her frå presentasjonen av konsernetresultatet for andre kvartal i fjor.
Foto: SCANPIX

Konsernsjef Dag Mejdell i Posten Norge kan fortelje om forbetra driftsresultat frå 2009 til 2010, trass i at aktiviteten gjekk tilbake. Her frå presentasjonen av konsernetresultatet for andre kvartal i fjor. Foto: SCANPIX

Posten leverte godt årsresultat i 2010

Trass i lågare aktivitet og driftsinntekter, endte Posten Norge 2010 med resultatet før skatt på 1,5 milliardar kroner. Opp frå 22 millionar i 2009.

Publisert: 16.02.2011 09:55

Det er i stor grad sparetiltak som gjer at konsernet leverer eit godt resultat. I 2010 endte Posten på 1,63 milliardar i driftsresultat, opp frå 1,41 milliardar året før. Resultatet før skatt auka med heile  1.382 millionar kroner, etter at selskapet leverte svært beskjeden tal året før. I 2009 var resultatet før skatt på berre 22 millionar kroner.

 

Nationen har skrive, seinast i dag, om kutt i distrikttenestene til Posten. Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, seier ho frykter ei bølgje av tenestekutt i distrikta.

 

Posten si omsetning gjekk svakt ned i 2010. 22,45 milliardar kroner er 0,7 prosent dårlegare enn året før.

 

— Post- og logistikkmarknaden var i fjor prega av låg aktivitet etter finanskrisa, men vi ser no teikn til auka aktivitet i marknaden. Med effektiviseringsprogrammet Spinnaker har Posten kome styrka ut av lågkonjunkturperioden, seier konsernsjef Dag Mejdell.

 

Også eingongsinntekter på 861 millioner kroner er med i resultatet før skatt. Mykje av desse inntektene skriv seg frå positive eingongseffektar ved overgang til ny AFP-ordning, melder Posten.

 

 

LES OGSÅ: Folk i distrikta klagar på Posten

 

 



Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module

Nationen FLERE NYHETER