Mjølkebønder i Tine er ikkje samde om NHO-medlemskap er bra eller dårleg for samvirkeorganisasjonen.
Spørsmålet om tilknyting til NHO si landsforeining NHO Mat og bio skal opp på rådsmøtet i Tine fyrstkomande fredag, etter initiativ frå styret.
Styreleiar Trond Reierstad sa til Nationen i går at bakgrunnen for å reise diskusjonen no er å få avklara Tine sitt tilhøve til NHO Mat og bio.
Organisasjonane inngjekk ein samarbeidsavtale for to år sidan, der dei «samarbeider om saker av felles interesse».
Overraska medeigar
Mjølkebonde og Tine-medeigar Tore Ruud i Harstad seier han er overraska over at saka om NHO-medlemskap kjem opp no.
— Det er berre seks år sidan spørsmålet om NHO-medlemskap vart skrinlagt, som ein fylgje av at eigarane greip inn overfor leiinga i Tine, seier Ruud.
Styret i Tine skrinla saka i januar 2005, etter å ha diskutert NHO-tilknyting i nesten eit år. Dåverande styreleiar, Jostein Frøyland, uttala at saka vart lagt på is «inntil videre».
Ruud seier han ikkje kjenner til at Tine og NHO alt har ein samarbeidsavtale.
— Tine bør vera med i Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA) når det gjeld arbeidsgivarorganisering. Andre organ, som faglaga og Norsk Landbrukssamvirke, tek seg av næringspolitikken og industripolitikken, meiner Ruud.
Han seier han er mest oppteken av kva Tine sine eigarar kan tapa.
— For den norske bonden er det ei ulukke å koma inn i EU, og NHO er den viktigaste ja-organisasjonen i Noreg.
LES OGSÅ: Styret i Tine vil til NHO
Ruud meiner også at LA blir svekt om Tine går ut. Argumentet om at Tine må inn i NHO for å påverke har ikkje Ruud sansen for.
— Det blir som å seia at Noreg må inn i EU for å påverke.
Ulik kultur
Styremedlem i Rogaland Bondelag, Arnstein Gilje, er også motstandar av NHO-medlemskap.
— Det er ein annleis kultur i NHO enn i Tine, seier Gilje. Han meiner det ikkje er mogleg å sjå nokon forskjell etter at Nortura og Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA) gjekk med i NHO Mat og bio.
Eit av argumenta styret har nytta for medlemskap i NHO er at Tine treng å byggje alliansar i tida framover.
— Etter mi mining har Tine vore betre en Nortura og FKRA til å skaffe seg alliansar. og det utan å ha vore medlem i NHO Mat og bio, seier Gilje.
— Om ikkje styret klarar å sjå eigarane som alliansepartnarar, korleis kan då NHO vera ein allianse, spør mjølkebonden.
Styret har førebels ikkje avgjort korleis debatten skal takast i organisasjonen.
— Det må bli ein brei og open debatt. Elles kan styret etter mitt syn berre gløyme å stille til attval, seier Gilje.
Positiv til NHO
Leiar i Sola Bondelag, Arnstein Røyneland, er ikkje like negativ til NHO-medlemskap.
— Tine må vera med der det skjer og knytte kontaktar. NHO er ein aktuell arena, seier Røyneland.
Han meiner Tine kan dra nytte av å vera med i ein organisasjon utan å vera samde i alt NHO står for.
— Tine kan fremje synspunkta sine i NHO, og såleis påverke viktige saker. Som stor aktør i NHO vil eg tru at Tine vil få noko makt. Landbrukets Arbeidsgiverforening blir nok for lite, seier Røyneland, som reknar med at spørsmålet om NHO-medlemskap etter kvart kjem ut på høyring i organisasjonen.
Nina S. Engelbrektson i Gloppen produsentlag meiner Tine må få tid på seg til å diskutere eit mogleg medlemskap i NHO.
— Spørsmålet om NHO-medlemskap er ein viktig diskusjon me må ta grundig og bruke tid på i organisasjonen, seier Engelbrektson.
— Rådet har ikkje diskutert saka enno, det har heller ikkje organisasjonen. Det er litt tidleg å gjera seg opp ei meinig, seier, Engelbrektson.
Vil ikkje kommentere
Ordføraren i rådet, Borghild Reenskaug, vil ikkje uttala seg til Nationen om saka før møtet fredag.
— Oppgåva mi er å sørgje for at diskusjonane går føre seg i dei organa som skal behandle dette. De må berre smørje dykk med tolmod, seier Reenskaug.












