Fredag denne veka skal rådsmøtet i Tine SA diskutere samvirkeorganisasjonen si tilknyting til NHO. Per i dag er Tine med i Landbrukets Arbeidsgiverforening.
Første gang NHO-medlemskap var oppe til diskusjon var i 2004. Då vart avgjersla til slutt å bli verande i Landbrukets Arbeidsgiverforening, og diskusjonen vart endeleg parkert på styremøtet i januar 2005.
Styreleiar i Tine, Trond Reierstad, seier det er ein viktig diskusjon å ta for Tine.
- Tine er avhengig av å ha sterke samarbeidsalliansar framover. Me opplever auka press og konkurranse, og treng å finne verkty for å møte dette. Då er NHO ein viktig aktør, seier Reierstad.
Tine har i dag har ein samarbeidsavtale med NHO Mat og bio, og har behov for å avklare tilhøvet til NHO.
- Me har lagt opp til ein open diskusjon ute hjå eigarane. Det er ikkje avgjort korleis dette blir enno, men me har ikkje halde denne debatten hemmeleg, seier Reierstad.
LES OGSÅ: Styret i Tine vil til NHO
Styret har enno ikkje teke stilling til om saka skal opp på årsmøtet.
Velkomen i NHO
Administrerande direktør Haavard Elstrand i NHO Mat og Bio seier Tine er hjarteleg velkomne til dei.
- NHO er det største industrielle fellesskapet i landet, både generelt og for matindustrien. Landsforeininga vår er tufta på å ta vare på interessene til matindustri avhengig av norske landsbruksråvarer. Dette er eit idégrunnlag Tine vil kjenne seg att i, seier Elstrand.
Han understrekar at dette er prosessar Tine må køyre i sine eigne organ, og som NHO Mat og Bio ikkje blandar seg inn i. Likevel meiner han at Tine har store fordelar av å bli med i NHO Mat og Bio.
- NHO er ein tung premissleverandør i samfunnsdebatten. Tine vil bli ein av dei største bedriftene i NHO. Dei vil såleis kunne få stor påverknad i systemet, samstundes som dei får tilgang til eit breitt sett av tenester til fordel for eiga verksemd, seier Elstrand.
LES OGSÅ: NHO-medlemskap en del av intern strategi for Tine
NHO-direktøren meiner også at den samla norske matindustrien vil få tyngre kraft med Tine på laget.
- Nortura er alt medlem av NHO Mat og Bio, seier Elstrand.
Han seier NHO-medlemskap ikkje bind medlemsbedriftene i næringspolitiske spørsmål, og at Tine difor vil ha full fridom til å utforme og fremje sine standpunkt som før også som NHO-medlem.
Dagleg leiar i Landbrukets Arbeidsgjevarorganisasjon, Nikolai Astrup Westlie seier i ei tekstmelding til Nationen at han er kjend med prosessen, og at dei avventar behandlinga i Tine.
Det blir avhalde styremøte i Landbrukets Arbeidsgiverorganisasjon i etterkant av rådsmøtet.
- Har ikkje så mykje å seia
Historikar og medforfattar av Tines historie i 2006 «Melkens pris», Harald Espeli ved Handelshøyskolen BI meiner det ikkje nødvendigvis har så mykje å seia om Tine er med i NHO eller Landbrukets Arbeidsgiverforening.
- Hovudutfordringa for Tine framover er utanlandsk konkurranse i den norske marknaden. Konkurransen vil koma uavhengig av om Tine er med i NHO eller LA. Men det er lettare for Tine å skaffe seg viktige alliansepartnarar i NHO, seier Espeli.
Han påpeiker at det ikkje har vore tilsvarande strid i Nortura, sjølv om mange av medlemene i Tine også er med i Nortura.
- Om striden om marknadsordninga på mjølk dukkar opp att med betydeleg kraft, kan Tine si eigentyngde som storbedrift i NHO og Tines alliansepartnarar der, kunne bli viktig, seier Espeli.












