— Alle over 18 kan vere med. Men du må vere topplaus, seier sjølvtitulert topplausgeneral Sten Hansen til NRK.
30 akarar deltok i akekonkurransen i fjor og over 500 ivrige tilskodarar møtte opp.
Og publikum fekk valuta for pengane, ifølgje Hansen.
Sjå dei topplause akarane i biletserien øvst i saka!
— Eg trur aldri eg har sett eit så nøgd publikum, fortel han og håpar på over 1.000 publikummarar i år.
SJÅ DESSUTAN: Bileta frå verdas fyste VM på sparkstøtting
Ideen kom frå ei sak på VG Nett om nakenaking-VM i Tyskland. Men Hansen fnys av dei tyske akarane.
— Høh, dei damene var innleigde modellar. Ein pr-jippo. I Lofoten får publikum ekte vare og glade amatørar frå topp til tå.
For å bli verdsmeister i denne «idretten» treng du ikkje å leggje deg i hardtrening.
— He, he. Nei det held å hive av seg makkotrøya, hoppe på eit akebrett og la det stå til.
Det blir premiering i dameklasse, herreklasse, open klasse i tillegg til for finaste vinterkropp.
— Blyge damer kan setje ein smiley over brystvortene. Men dei må ikkje vere større enn fire centimeter i diameter. Tildekking er ikkje lov, seier Hansen.
Les meir om akekonkurransen på www.topplosaking.com.
(©NPK/NATIONEN.NO)












