Biokraft AS vonar å kunne tilby biogass til kundar i Trondheim alt i 2012. Mellom anna busselskapet AtB har vist si interesse. Foto: AtB

Biokraft AS vonar å kunne tilby biogass til kundar i Trondheim alt i 2012. Mellom anna busselskapet AtB har vist si interesse. Foto: AtB

Stønad til biogass

Biokraft AS får 37,4 millionar i stønad frå ENOVA til eit produksjonsanlegg for biogass.

Publisert: 10.01.2011 15:11
Det er mellom anna busselskapet AtB som skal bruke biogass i bussane sine i Trondheim, men også andre aktørar med store bilparkar har synt interesse for biogass, fortel Håvard Wollan, som er dagleg leiar i Biokraft AS.

- Me vonar å kunne utvikle marknaden og infrastrukturen for biogass, som er eit klimanøytralt drivstoff. Stønad frå Enova er avgjerande for å kunne realisere prosjektet, seier Wollan, som vonar å kunne tilby biogass til kundar i Trondheim alt i 2012.

Til å produsere biogass brukar Biokraft i all hovudak biologisk avfall frå friskeoppdrettsanlegg, i tillegg til slakteriavfall og husdyrgjødsel. Enova har kartlagt at potensialet for biogass i Noreg er på om lag 6 TWh, og då er skogressursane halde utanfor.

- Dette er ressursar som elles ikkje ville vorte nytta. Regjeringa vil vera med på å utvikle nye mulegheiter for fornybar energiproduksjon, seier politisk rådgjevar i Olje- og energidepartementet, Ivar Vigdenes (Sp).

Produksjonen vil gje ei brutto biogassmengde tilsvarande 75 GWh. Biokraft har inngått ein samareidsavtale med AGA som skal oppgradere biogassen til drivstoffkvalitet.

- Prosjektet til Biokraft er eit godt døme på at produksjon og bruk av biogass bidreg til auka bruk av fornybar energi, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Mest lest

Laster module

Nationen FLERE NYHETER