Mandag 21.05.2012 UKE 21
Laster
Midt i Oslo sentrum ligg advokatkontoret som har spesialisert seg på saker som gjeld utmarksressursar. – Spennande juss om viktige samfunnsverdiar i eit politisk grenseland, seier Caroline Lund og Stein Erik Stinessen. FOTO: JON-ARE BERG-JACOBSEN

Midt i Oslo sentrum ligg advokatkontoret som har spesialisert seg på saker som gjeld utmarksressursar. – Spennande juss om viktige samfunnsverdiar i eit politisk grenseland, seier Caroline Lund og Stein Erik Stinessen. FOTO: JON-ARE BERG-JACOBSEN

Etterlyser betre lovverk for kommunane

Vasskraft og vindkraft er høgaktuelt, og norske kommunar leverer råvara. Ei utrygg forretning, meiner advokatane. Mens verda går vidare står lovar og reglar stille.

Publisert: 17.12.2010 00:01

— Lovverket som vart etablert for 100 år sidan, i vasskraftutbygginga sin barndom, er eit vesentleg meir politisk gjennomarbeidd lovverk for si tid enn det vi har i dag. Viss ikkje dagens politikarar gjer noko med energilovverket, blir det gjort seg skuldig i overgrep mot norske distriktskommunar, seier Stein Erik Stinessen, partnar i advokatfirmaet Lund & Co.

Distriktsjuss
Ganske midt i Oslo sentrum mellom Stortinget og Høgsterett held advokatane hus, som sidan 80-talet har spesialisert seg på det juridiske rundt bruk og vern av naturressursar.

— Eit svært spennande rettsfelt i grenselandet mellom politikken og jussen, seier advokatane.

Nokre av dei største klientane til firmaet er samanslutningar av kommunar, av dei er utmarkskommunane og vasskraftkommunane dei to største grupperingane.

— Området er spesialisert. Det krev at nokon arbeider mykje og intenst med det. Kraftskattereforma gjekk over ti år. Tilsvarande er det for andre store lovsaker, seier Caroline Lund, den andre av tre partnarar i selskapet.

Til saman er det 16 juristar som held hus i lokala.

— Kva er fellestrekka for medlemskommunane?

— Det er små kommunar, utan ressursar til å ta vare på interessene sine åleine når store utbyggjarar eller staten kjem.

Både i kraftsaker og i vernesaker er den enkelte kommune eingangar, mens dei store kraftselskapa og staten er gjengangarar. Slike saker er rutine for dei.

— Det andre fellestrekket er at i desse kommunane er det ikkje næringsliv eller folketal som representerer den største verdien, det er naturressursane, seier Stinessen.

Synleg for vasskrafta
Så langt har det vore mest synleg for vasskrafta, der eksterne krefter har vore interessert i ressursane.

— Tidlegare bygde industrien vegg i vegg med kraftanlegget. Det skapte arbeidsplassar, slik er det ikkje meir.

Den nye dimensjonen er at krafta ikkje berre blir ført ut av distriktet, men også ut av landet.

Stinessen viser nok ein gong til lovgivarane frå 1917. — Dei hadde breiare perspektiv og makta å foreine både næringsinteresser og lokale interesser, i eit særs framtidsretta lovverk.

— Nokre investerer pengar, andre investerer naturkapital, og både elementa er nødvendig for å få til energiutbygging. Er det ikkje like naturleg at dei som stiller naturkapitalen til disposisjon får del av avkastinga? spør Stinessen.

— I Europa syner både EU og enkelte land ei anna forståing for interessene til dei som stiller sine naturressursar til rådvelde for andre, seier Lund.

Stinessen teiknar ei skisse over det som ligg an til å skje i Kvinesdal kommune. Tre «Hardangermaster» i breidda over ei strekning på fire mil.

I tillegg blir kommunen vert for fleire NorNed-anlegg, stasjonar i tilknyting til den undersjøiske kraftlina som skal gå mellom Norge og Nederland og for ny stor vasskraftutbygging. Massive naturinngrep, utan at kommunen er sikra å få att noko som helst for det.

I ein historisk nasjonal straummarknad følgde etterspurnaden årstidene. Stor etterspurnad om vinteren, lite etterspurnad i sommarhalvåret.

 

Då kunne vassmagasina bli fylte opp.

 

Men i ein internasjonal kraftmarknad, med eksport av straum til luftkjølarar lenger sør i Europa, er sommaren ei like god årstid for høgt straumforbruk.

Klima mot miljøvern
— Det er det ikkje teke omsyn til i dei gamle konsesjonane. Energipolitikken blir driven av klimaargument åleine. Det finst ein bakside på den medaljen som politikarane ikkje har vore villige til å sjå, dei store lokale naturinngrepa. Det er ein reell konflikt mellom ulike miljøverdiar, men fram til i dag er det berre klimaargumentet som gjeld, dei store negative verknadene på naturmiljøet er kraftig undervurdert, seier Stinessen.  

Spørsmålet for eller imot vasskraftutbygging er ikkje viktig for advokatane.

— Vår jobb er å få til best mogleg ordning for medlemskommunane. Viss kommunestyret med 13 mot 12 røyster seier nei utbygging, gjer vi det vi kan for å forhindre at utbygginga skjer. Seier kommunestyret ja til utbygging, gjer vi det vi kan for å sikre kommunen best mogleg vilkår.

Lovlaus vindkraft
Problemet med uferdig lovverk viser seg også når det gjeld vindkraft, som grøne sertifikat har sett ny fart på.

— Det går på 6. eller 7. året utan at rammeverket for vindkraftkommunar er på plass, seier Stinessen.

Han viser til Tyskland som til dømes har innført inntektsskatt til vertskommunar med vindkraftanlegg, Danmark har andre ordningar for å sikre ein lokal aksept.

— Mens den norske energiministeren seier tvert nei til å gjere noko som helst for norske vindkraftkommunar. Det er svært vanskeleg å forstå at Regjeringa syner ei så avvisande haldning til vindkraftkommunanes rettmessige krav, seier Stinessen.

For utmarkskommunane er kven som skal forvalte ressursane eit viktig tema.

— Vi er opptekne av at avgjerder skal takast så nærme som mogleg folket det gjeld. Er det ein stad demokratiet har sjanse til å fungere, så er det lokalt. For å få til lokal forvalting er det viktig at ein får fram eit lovverk som medfører samarbeid med dei demokratiske valde organa, seier Stinessen.

Han meiner sentrale styresmakter har mistillit til lokal forvalting, sjølv om røyndommen viser at det er liten grunn for det.

Lokal forankring
— Dei som er opptekne av vern, ser at det ikkje blir bra før det er lokalt forankra. Kommunane har eit engasjement ut over næringsinteresser. Det er grunn for sentrale politikarar å lytte til det lokalbefolkninga seier i slikesaker.

Advokatane stiller også i retten på vegner av enkeltkommunar eller grupper av enkeltkommunar. Dei tre partnarane er alle høgsterettsadvokatar.

— Dovrebanesaka er ei typisk sak for oss, seier Lund.

Kommunane Dovre, Oppdal, Rennebu og Midtre Gauldal har gått til sak for å få slått fast at Jernbaneverket har gjerdeplikt langs jernbanen frå Dombås til Støren. Første runde tapte kommunane, men dei har anka saka som skal opp i Lagmannsretten til sommaren.

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT
  • Kampen om kirken

    Kampen om kirken

    Noen frykter at en fristilt kirke blir mindre demokratisk og åpen. Andre mener at skillet truer vår kristne kultur.

  • - Trugsmål frå regjeringa

    - Trugsmål frå regjeringa

    Svenn Arne Lie reagerer sterkt på Stortinget ikkje får diskutere rammene i årets jordbruksoppgjer

  • Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Sp kjempa for nytt tilbod sist det var brot

    Då det i 2000 var brot mellom staten og bondeorganisasjonane, var Senterpartiet i opposisjon og jobba knallhardt for eit betre tilbod enn det bondeorganisasjonane hadde takka nei til..

  • Bonde i Røyken selger 110 ammekyr og gir opp

    Bonde i Røyken selger 110 ammekyr og gir opp

    For ni år siden investerte Martin Bøe flere millioner kroner og utvidet fra 13 til 95 kyr, men inntektene står ikke i forhold til innsatsen..