Næringspolitisk talsmann i SV, Alf Holmelid, er bekymra over at det framleis blir lagt ned mange hundre gardsbruk kvart år. Han meiner derfor regjeringa i landbruksmeldinga må sjå om virkemidla i landbrukspolitikken står i stil til måla, og eit av virkemidla han meiner regjeringa må vurdere å endre er ordninga med at bønder kan selje delar av mjølkekvoten privat på børs.
— Privat omsetning av kvotar fører lett til at det blir meir lønsamt å gå ut av næringa, samtidig som det blir dyrare å drive vidare som bonde. Eg meiner det strir mot målet om å ha levande bygder og landbruk i heile landet, seier Holmelid.
Får millionar for å slutte
I fleire delar av landet kan prisen på kvotekjøp kome opp i 10 kroner per liter mjølk. Den som vil slutte som mjølkebonde kan dermed sitje att med fleire millionar kroner i sluttpakke frå kvotesalet, medan den som vil utvide drifta må leggje ut store beløp.
— Mjølkebørsen som Sponheim opna for skaper nedleggingspress. Offentleg omsetjing av kvotar er mindre problematisk, fordi der kan prisar og kriterium styrast etter politiske mål, seier Holmelid.
— Kan ikkje konsekvensen bli motsett, nettopp at fleire vil selje kvoten når du tar til orde for å fjerne børsen?
— Jau, på kort sikt kan enkelte ønske å selje til ei endring blir innført. Det er eit av problema med slike marknadsbaserte ordningar. Dei er vanskelege å reversere, seier han.
— Etter eit liv som mjølkebonde meiner nok nokon at dei fortener å få ein sluttpakke, som kvotesalet gir?
— Isolert sett, ja, men i eit samfunnsperspektiv er det ikkje optimalt. Eg trur dei fleste i næringa aksepterer det som ville vere best for næringa samla sett, seier Holmelid, som seier forslaget er drøfta men ikkje partibehandla i SV.
Ap og Sp opne for debatt
Regjeringspartnarane Ap og Sp vil ikkje avvise ein debatt om temaet. Partia vedgår at ordninga kan ha uheldige sider.
— Det er naturleg å sjå på kvoteomsetninga i landbruksmeldinga. Vi ser at det er utfordringar med dagens ordning, men av og til kan det vere avstand mellom det ideelle og det ein kan få til i praksis, seier Irene Lange Nordahl, næringspolitisk talskvinne i Sp.
Ho vil samtidig utfordre SV til å sjå landbrukspolitikken meir i heilskap, og bli med på å auke innteninga i næringa.
— Vi håper SV blir med på å løfte inntektene i landbruket for å sikre nødvendig rekruttering og fornying, seier ho.
Terje Lien Aasland (Ap), leiar i næringskomiteen på Stortinget, seier mjølkebørsen tidlegare er vurdert til å fungere som ønska og at den gir den enkelte bonde sjansen til å byggje opp drifta. Han vil likevel ikkje avvise forslaget på ståande fot.












