Torsdag 23.02.2012 UKE 08
Laster
Mange krev at det må bli forbod mot pelsdyroppdrett, men næringa har og sine forsvarar. Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen

Mange krev at det må bli forbod mot pelsdyroppdrett, men næringa har og sine forsvarar. Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen

Bondetoppar forsvarar pelsdyrnæringa

Etter at det er funne 13 mink med ferske sår hos leiaren av Pelsdyralslaget, tar nå fylkesleiarar i Bondelaget næringa i forsvar.

Publisert: 13.11.2010 09:12
- Eg føler med heile næringa, og ikkje minst Bertran, som har tatt på seg å fronte ei heil næring. Vi må ikkje gløyme at det er snakk om menneske her, seier
Ole Johan Vierdal, leiar i Rogaland bondelag.

- Eg føler med heile næringa, og ikkje minst Bertran, som har tatt på seg å fronte ei heil næring. Vi må ikkje gløyme at det er snakk om menneske her, seier Ole Johan Vierdal, leiar i Rogaland bondelag.

Etter ein uvarsla og over fire timar lang inspeksjon på minkfarmen til styreleiar Bertran Trane Skadsem i Norges Pelsdyralslag tysdag, konkluderer Mattilsynet med at 13 av i alt 13.500 mink har ferske sår. Det vil resultere i eit «varsel om vedtak» om å forbetre tilsynsrutinane, noko som er ein av dei mildare reaksjonsformene til Mattilsynet. To mink hadde avvikande åtferd, to var døde og 11 hadde gamle sår. Seksjonssjef Ole Aamodt stadfestar at dei godt over 13.000 andre minkane hadde fått stell heilt etter forskriftene.


— Det er ikkje unormalt at det oppstår skader eller sjukdom på dyr, men når det skjer er det viktig å ha på plass gode system og rutinar for oppfølging, seier Aamot.

 

Se bildeserie fra pelsdyrfarmer


Varselet om vedtak var ikkje klar fredag, og Skadsem vil vente med å kommentere saka til han har fått papira frå Mattilsynet.


Reagerer på framstilling
Inspeksjonen hos pelsdyrtoppen har fått brei omtale på TV og i aviser, og kritikarar av næringa har gjentatt truslane om at næringa må leggjast ned i dei fleste kanalar. Mange i landbruket reagerer derimot sterkt på framstillinga av næringa, og fleire fylkesleiarar tar nå næringa i forsvar.


— Eg er einig i at vi skal ha ein nullvisjon på mishandling av dyr, men sjuke dyr kan vi ikkje ha ein nullvisjon på. Skadar kan førekome, men vi kan ikkje avlive eit dyr straks det begynner å hoste, seier fylkesleiar Ole Johan Vierdal i Rogaland bondelag.
Han forstår at folk reagerer når dei ser skadde dyr, men han meiner kritikken mot pelsdyrnæringa er ute av proporsjonar.

 

Vierdal får støtte frå fylkesleiar Inge Martin Karlsvik i Møre og Romsdal Bondelag.
— Mishandling av dyr kan sjølvsagt ikkje forsvarast, men eg trur ikkje pelsdyroppdrettarar er særleg annleis enn andre bønder. Dei bryr seg om dyra og steller dei etter beste evne. Sjukdom og skadar kan førekome i alt dyrehald. Det viktige er jo å førebygge og setje i verk tiltak raskt, seier Karlsvik.


Har sympati for næringa
Vierdal meiner også at samfunnet er på ville vegar dersom det blir lytta meir til ei gruppe med aktivistar enn til Mattilsynet. Samtidig meiner han å sjå ei slagside i media, som ofte svelgjer aktivistanes versjon utan å stille spørsmål eller etterprøve påstandane.


— Det er lett for folk å kaste seg på ei stemningsbølgje, særleg når det er noko litt fjernt frå det ein driv med til dagleg. Få stiller spørsmål ved framstillinga, og når fakta og samanhengar kjem på bordet seinare er det så mykje støy i debatten at ingen klarar få det med seg, seier Vierdal.


Han føler med leiaren for pelsdyrnæringa og det han har kome opp i.

— Eg føler med heile næringa, og ikkje minst Bertran, som har tatt på seg å fronte ei heil næring. Vi må ikkje gløyme at det er snakk om menneske her, seier Vierdal.


— Forbod vil ikkje hjelpe
Vierdal ser heller ingen dyrevelferdsgevinst ved å forby næringa, som enkelte tar til orde for.
— Konsekvensen er at pelsdyroppdretten flytter til utlandet, og eg kan ikkje forstå at det er betre for dyrevelferden, seier Vierdal.
Karlsvik viser på si side til at det er føretatt over 100 inspeksjonar i næringa, og at det berre resulterte i eit fåtal kritiske merknader.

 

Begge uttrykkjer tillit til at Mattilsynet gjer jobben, og dei er ikkje imot fleire kontrollar. Framstillinga av næringa i media er dei derimot ikkje begeistra for.


— Ein kan jo få inntrykk av at pelsdyra som regel er skadde og mishandla, men slik er det jo langt ifrå, seier dei.


Fleire av lesarane til Nationen reagerer også kraftig. Enkelte kallar det som skjer for ei moderne heksejakt, medan andre er oppgitt over proporsjonane og bilete som blir teikna.


— Ein får jo inntrykk av at pelsdyroppdrett er det verste ein kan tenke seg i denne verda, seier anleggsarbeidar Tore Kjosaas frå Sogn og Fjordane.



Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT