Etter å ha brukt mange millionar kroner i jakta på lønsam framstilling av neste generasjons biodrivstoff frå trevirke, gir Norske Skog nå opp satsinga.
Avviklar biodrivstoffsatsinga
Det betyr kroken på døra for Xynergo AS, som har handtert satsinga på biodrivstoff for Norske Skog.
Selskapet stadfesta torsdag føremiddag at aktiviteten vil bli avvikla i løpet av dei neste to vekene.
"Xynergo trengte betydelig risikokapital. På tross av den statlige støtteordningen øremerket andre generasjon biodrivstoff, som kom på plass i høst, har det dessverre ikke vært muglig å finne investorer som har vært villig til å gå inn med nødvendig risikokapital nå", skriv styreleiar Gaute H. Andreassen i Xynergo i ei pressemelding.
Xynergo har tilhald på anlegget til Norske Skog Follum ved Hønefoss.
Ingen vil gå inn med risikokapital
Norske Skog, som har vore hovudaksjonær med over 70 prosent av aksjane, skreiv i ei børsmelding torsdag morgon at papirkonsernet ikkje går inn med ny kapital i Xynergo:
"På tross av etablering av en statlig støtteordning øremerket andre generasjon biodrivstoff som kom på plass i høst, har det ikke vært mulig å finne investorer som har vært villig til å gå inn med nødvendig kapital", meldte Norske Skog.
Skogeigarar har tapt millionar
Fleire norske skogeigarandelslag har også gått inn med fleire millionar kroner i utviklingsselskapet Xynergo.
Utan større aktørar med på laget er det truleg ingen vilje til å satse endå fleire pengar på prosjektet heller frå skogeigarandelslagas side.
Dermed er millionane dei har satsa truleg tapt.
Hadde stort kapitalbehov
Kapitalbehovet til Xynergo er rekna til 150 millionar kroner dei neste tre åra, og ytterlegare 150 millionar kroner fram til ei endeleg avgjerd om investering i eit fullskala produksjonsanlegg. Ei endeleg investeringsavgjerd kunne tidlegast ha kome i 2014, skriv Xynergo i ei pressemelding.
Sidan selskapet nå er under avvikling, vil innsendte søknader om offentleg støtte til vidare utvikling av prosjektet bli trekt.
Miljøorganisasjonar skuffa
Miljøorganisasjonen Zero beklager nedlegginga.
- Det er veldig synd at biodieselselskapet Xynergo blir lagt ned. Berekraftig biodrivstoff er ein viktig del av klimaløysinga. Det er klart at dersom ein hadde vore sikker på at sal av biodiesel hadde lønt seg, ville det vere lettare å få tilgang på kapital, uttaler Gøril L. Andreassen, politikkansvarleg i Zero i ei pressemelding.












