I år er det for seint. Kven som får Nobels fredspris blir kjent nøyaktig klokka 11 i morgon.
Men om du har ambisjonar om å få prisen til neste år, kan det vere nyttig å sjå på bakgrunnsstatikken over kven som har fått prisen tidlegare.
Det er i år 109 år sidan Nobels fredspris vart delt ut for første gong. Men prisen har ikkje vore delt ut kvart år, årets pris er den 93. i rekkja.
Bli politikar
Tidlegare har prisen vorte delt 29 gonger. Når det skjer er det nesten alltid mellom personar og/eller organisasjonar som har teke del i det same arbeidet. Totalt har 97 personar motteke prisen, medan den 23 gongar har gått til organisasjonar. Berre 12 av dei 97 personane har vore kvinner.
Om du sett seg som mål å få Nobels fredspris, bør du heilt klart bli politikar. 44 av dei personane som har fått prisen er, var eller hadde vore politikarar då dei fekk prisen. Det siste døme er USAs president Barack Obama som noko omstridt fekk prisen i fjor.
I tillegg til politikarane ville sikker fleire av dei seks menneskerettsforkjemparane vore lovleg folkevalde, og dermed politikarar dei også, om dei hadde levd i frie land.
Det er heller ikkje uvanleg at prisvinnarar blir politikar etter prisutdelinga. Eit døme på det er grunnleggjaren av Solidaritet og seinare president i Polen, Lech Walesa.
Berre ein nordmann
Om ikkje politikk ligg til deg, bør du prøve deg som grunnleggjar eller leiar av ein internasjonal organisasjon. 26 personar i den kategorien har fått prisen.
FN og Røde Kors toppar listar over dei som har fått flest prisar. Dei har fått prisen høvesvis fem og fire gonger. Vidare har sju forfattarar eller journalistar fått prisen, to biskopar og fem professorar er også heidra.
Einaste nordmenn som har gjort seg fortent til ein Nobels fredspris, er Fridtjof Nansen. Han fekk prisen i 1922 for sitt humanitære arbeid.
Ein person har sagt nei takk til prisen, nemleg Le Duc Tho i 1973. Han skulle dele prisen med Henry Kissinger for arbeidet med fredsavtalen mellom Vietnam og USA. Men han ville ikkje dele prisen med Kissinger, og sa frå seg heile æra.
Prøver å påverke
Nobels fredspris er i år på ti millionar svenske kroner. Det er ikkje klart kvifor Alfred Bernhard Nobel ville at fredsprisen skulle delast ut i Noreg, men ein av teoriane er at han var imponert av Bjørnstjerne Bjørnson si iver for fredssaka.
Dei fem personane i Nobelkomiteen trenger ikkje å vere norske statsborgarar, men dei har alltid vore det. Samansetninga av komiteen skal reflektere styrkeforholdet mellom partia på Stortinget.
I 1936 vart det bestemt at regjeringsmedlemmar ikkje skal sitte i komiteen, og så seint som i 1977 vart det bestemt at heller ikkje sitjande stortingsrepresentantar kan vere med.
Det er fleire døme på at statsleiarar og andre personar med stort ego har fått satt i gang kampanjar for sitt kandidatur. Stortinget har også fått ei rekkje oppmodningar om kven som bør få prisen. Det siste året har vi også set døme på at Kina jobbar aktivt for at opponentar i landet ikkje skal få prisen.
Men komiteen er fullstendig uavhengig i arbeidet sitt, og tek ikkje mot instruksar frå nokon.
Ikkje alle kan nominere
Vil du bli nominert, må du alliere deg med ein eller fleire høgtståande personar. Det er nemleg ikkje alle og ein kvar som kan komme med forslag til komiteen.
Dei som kan nominere kandidatar er noverande og tidlegare nobelkomite-medlemmar, parlamentsmedlemmer i alle land, enkelte professorar, enkelte medlemmer av internasjonale fredsbyrå og tidlegare prisvinnarar. Vanlegvis kjem det inn forslag på rundt 140 forskjellige kandidatar.
Hugs å bli nominert før 1. februar elles må du vente eit heilt år før du blir vurdert på nytt. Om du ikkje skulle klare å gå heilt til topps i den knallharde konkurransen, er det dessverre ingen som vil få vite at du var like ved. Lista over kven som er nominert, blir nemleg haldt hemmelege i 50 år.
