Medan svenske styresmakter testar ut stadig større vogntog for å lette transporten og kutte klimautsleppa, går vegvesenet i Norge motsett veg.
Eit forslag om å innføre ei maksgrense på 4 meters høgde på vogntog vekkjer sterke reaksjonar.
Les også: Milliardtap for norske skogeiere
Forslaget kjem på toppen av at Norge har strengare avgrensingar på lengde og tyngde enn fleire naboland. Ei samla skog- og trenæring går imot forslaget, og neste veke tar dei saka opp på eit møte med samferdselsministeren.
— Innføring av høgdeavgrensing vil føre til redusert nyttelast per vogntog. Transportbehovet vil dermed auke med 10.000 lass i året, og fleire vogntog vil gi større belastning på vegnettet, meir utslepp og langt høgare kostnader for bransjen, seier direktør for næringspolitikk Ellen Alfsen i Norges Skogeierforbund.
EU-tilpassing
Her i landet er det i dag ingen generelle avgrensingar på kor høgt eit vogntog kan vere, og det er det ikkje i Sverige heller. I ei rekkje EU-land på kontinentet er det derimot innført ei maksgrense på 4 meters høgde, medan Finland og Island har 4,20 meter som makshøgd. Vegdirektoratet ser nå til EU og foreslo tidlegare i år ei maksgrense på 4 meter.
— Grunngivinga for forslaget er at vi meiner redusert høgde vil gi større trafikktryggleik, færre velteulykker og mindre fare for at vogntog køyrer midt i vegbanen i tunnelane, seier avdelingsdirektør Jon Molnes i Vegdirektoratet.
Også ønske om ei harmonering med regelverket i EU blir trekt fram som ei mål.
10.000 fleire, og dyrare
Ei rekkje instansar uttalte seg kritisk til forslaget i høyringsrunden. Blant dei er skog- og trenæringa, som er ein av dei mest transportavhengige bransjane i næringslivet. Dei har rekna ut at innføring av 4-metersgrense vil gi 10.000 fleire vogntoglass på vegane.
Trelastindustrien vil bli ramma tyngst, men også frakt av massevirke og bioenergi vil bli hardt ramma.
— For frakt av ferdigvare vil regelverket bli eit kjempeproblem. Dersom ein verkeleg vil gjere konkurransen med utlandet umogleg, er slike reglar måten å gjere det på. Transportvilkåra i Sverige er frå før langt betre, seier dagleg leiar Ove Bergfjord i Transportfellesskapet Østlandet AS (TFØ), som er eigd av Moelven, Norske Skog og skogeigarandelslaga Mjøsen Skog og Glommen Skog.
Han viser til at det i Sverige er lov å frakte 60 tonn per lass, og for tida blir det testa ut heving av vektgrensa til 72 og 90 tonn per vogntog. I Norge går ifølgje Bergfjord nærare 90 prosent av tømmertransporten føre seg innafor 50 tonn-avgrensinga, medan enkeltstrekningar på særleg Austlandet er opna for opptil 56 tonn. På lengdeavgrensinga har Sverige 24 meter og 25,25 meter, medan Norge har 19,5 og 22 meter
avgrensing på lengda etter vogntogtype.
Ei utrekning utført for Moelven viser at transportkostnadene for trelastnæringa kunne blitt redusert med nær 150 millionar kroner dersom vilkåra hadde vore like som i Sverige.
— Om det i tillegg blir innført høgdeavgrensing vil konkurranseforskjellane bli endå større, seier Bergfjord.
Tar saka opp med Kleppa
Skogeigarforbundet meiner primært at høgdeavgrensinga bør stoppast, men opnar for ei mildare høgdeavgrensing.
— I tilfelle må regelverket også blir likt det svenske på tyngde og lengde. Både i Norge, Sverige og Finland er skog- og trenæringa store og viktig næringar, og då bør ikkje rammevilkåra her i landet vere dårlegare enn hos våre naboland, seier Alfsen.
Ho vil ta opp saka på eit møte med samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) neste veke der heile næringa vil vere samla for å fremje ei rekkje krav om utbetring av regelverk og transportnett.
Styreleiar Even Mengshoel i Mjøsen Skog er også blant dei som reagerer på forslaget.
— Trafikktryggleiken blir ikkje betre av redusert høgde. Resultatet blir fleire vogntog på vegane, og dermed større sjanse for møteulykker. Og om du skulle vere så uheldig å kollidere, så spelar det liten rolle om vogntoget er ein halvmeter lågare, seier han.
Vil måle dagens høgde
Vegdirektoratet har merka seg motstanden mot forslaget. I haust vil dei derfor setje i gang målingar for å finne ut kor mange vogntog med høgt lass som trafikkerer vegnettet i dag.
— Målingane skal vere klar før nyttår. Dei vil inngå i ein samfunnsøkonomisk analyse og ut frå den skal vi leggje fram eit endeleg forslag til høgderegulering, seier avdelingsdirektør Jon Molnes i Vegdirektoratet.
— Vil de leggje vekt på at innføring av makshøgd vil gi fleire vogntog på vegane?
— Det vil bli vektlagt, og innspela frå bransjen vil bli tatt opp til vurdering, seier Molnes.
— Kvifor vil de ikkje vurdere utviding av tyngde- og lengdeavgrensingane for å gi like vilkår som i Sverige?
— Det vil kome ei revidering av regelverket også når det gjeld tyngde og lengde, men det vil kome i ei eiga vurdering. Og det er ikkje bestemt kva forslag som vil kome der, seier Molnes.












