Sist veke la svenske styresmakter fram ein nasjonal strategi for satsing på biogass.
Sentralt blant tiltaka står eit tilskot på 20 øre per kilowattime til biogass frå husdyrgjødsel for reduksjon av store metangassutslepp. Støtta kjem på toppen av andre «grøne» ordningar og ein energipris som frå før er høgare enn her i landet. Forslaget, i kombinasjon med nær ei dobling av investeringsstøtta til bortimot 100 millionar kroner i året fram til 2016, skal bidra til at 20 prosent av dei svenske gjødselressursane blir utnytta innan få år.
—Samfunnet tener på at ein gjennom både støtte og krav aukar biogassproduksjonen der ein samtidig reduserer utsleppa av metangass til lufta. Tiltaka vil meir enn doble biogassproduksjonen i Sverige, sa generaldirektør Tomas Kåberger i Energimyndigheten då han la fram rapporten i lag med Naturvårdsverket og Jordbruksverket.
Legg opp til dobling
Dei kraftige tilskota skal ha musklar nok til å kunne utløyse biogass frå det svenske jordbruket som svarar til 0,6 TWh energi, eller eitt Altakraftverk. Samla for alle sektorar viser rapporten at meir enn ei dobling av biogassproduksjonen til mellom 3 og 4 TWh er innan rekkjevidd. I dag blir det produsert rundt 1,5 TWh biogass hos «söta bror».
Samtidig med biogass-strategien la Energimyndigheten i Sverige også fram elleve prosjekt som til saman får 100 millionar kroner i støtte til biogassutbygging. Blant dei er Vadsbo Mjölk som får seks millionar kroner for biogassproduksjon frå gjødsla til 1000 kyr.
Biogassanlegga basert på husdyrgjødsel er i ferd med å poppe opp i store delar av Sverige. Også i Dalarna er det planar om ei større biogassutbygging. 15 bønder bak Vansbro Biogas har fått løyve til å gå i gang, og ei forstudie viser at anlegget deira kan betale seg sjølv på fem år, skriv Lantbrukets Affärstidning (ATL). Og det til og med før forslaget om storstilt støtteauke frå dei svenske styresmaktene vart lagt fram nyleg.
—Det er bra at vi nå kan gå vidare, seier ein av bøndene i biogassføretaket, Anders Munters, til avisa Dala-Demokraten.
I tillegg til å stimulere produksjon av biogass gjennom ulike tilskotsordningar og elsertifikat, er det også etterspurnadsfremjande ordningar i form av at biogass er avgiftsfritt som drivstoff og køyretøy som går på biogass er rimelegare i innkjøp.
50 nye anlegg per månad
Sverige er berre eitt av våre naboland som satsar tungt på utvinning av biogass frå husdyrgjødsel ifølgje organisasjonen Zero, som jobbar for kutt i utsleppa av klimagassar.
Ein Bioforsk-rapport frå 2008 viser at det då var over 4000 biogassanlegg i Tyskland, etter at den rødgrøne koalisjonsregjeringa for fleire år tilbake innførte sterke økonomiske verkemiddel for å stimulere til biogassutbygging. Det blei berekna ein utbyggingstakt på 50 nye anlegg per månad.
—Tyskland har svært gode støtteordningar for utbygging av nye biogassanlegg. Ein del av støtta kjem i form av ein garantert minstepris på energien frå anlegget. Basisstøtta er på over 90 øre per kilowatt, i tillegg til bonusordningar om til dømes leveransen går til eit varmeanlegg. Samla kan støtta kome opp i over 1,50 kroner per kWh for nye og mindre anlegg, seier biogassrådgjevar Johannes Hojem i Zero, og viser til at støtta er mindre per kWh til større anlegg.
I mange av anlegga i Tyskland blir det brukt energivekstar som mais kombinert med husdyrgjødsel som råvare i biogassproduksjonen.
Også i Danmark har støtteordningane for biogassanlegg vore gode, og der har mangel på spreieareal for husdyrgjødsla vore ei drivkraft.
Danmark hadde tidlegare ein garantert minstepris på 60 øre per kWh i 10 år, og deretter 40 øre i nye 10 år. Støtteordninga skal derimot ha blitt kraftig svekka under dagens danske regjering, ifølgje Zero.
Fem anlegg på fem år
Her i landet har regjeringa lansert målet om at 30 prosent av husdyrgjødsla skal brukast til biogassproduksjon innan 2020. Det vil bety ein reduksjon i klimagassutsleppa på over 270.000 tonn CO2-ekvivalentar i året, ifølgje Zero, noko som svarar til utsleppa frå rundt 100.000 personbilar.
Med dagens takt i utbygginga, er regjeringas mål derimot heilt i det blå. Sidan 2006 er det berre bygd ut fem nye biogassanlegg basert på husdyrgjødsel her i landet.
Samla tildeling av støtte til slike biogassanlegg, inkludert pengar til forprosjekt og kompetanse, har vore på magre 15 millionar kroner i løpet av åra 2006 til 2009. Og to av prosjekta som har fått støtte er framleis ikkje realisert.
Krev kraftigare lut
Det er venta at regjeringa kjem med nye verkemiddel for å stimulere til auka biogassproduksjon i løpet av hausten, og Zero er blant organisasjonane som krev langt sterkare lut enn i dag.
—Fleire av våre naboland har langt betre vilkår for biogassproduksjon. Vi krev ei kraftig styrking av støtteordningane og langsiktige rammevilkår slik at det blir lønsamt for norske bønder å byggje ut biogassanlegg, seier Hojem.
Han viser til at biogassutvinning frå husdyrgjødsel er ein av dei mest effektive måtane å redusere utslepp av klimagassar frå landbruket.
Den samfunnsøkonomiske gevinsten meiner han er stor, og anlegga har ein dobbel effekt gjennom både å redusere utslepp og å produsere miljøvenleg energi.
Seniorrådgivar Øyvind Halvorsen i Innovasjon Norges bioenergiprogram seier at Norge er i startgropa på ei satsing på biogass.
—Regjeringas ambisjonar er skyhøge når det gjeld biogass, men utfordringa er at lønsemda her i landet er marginal sidan energiprisen er så låg, seier Halvorsen til Nationen.
Han vil ikkje utan vidare vere med på at 15 millionar kroner til biogass fordelt på fire år er lite, og viser til at biogassen konkurrerer om støttekronene med andre bioenergiprosjekt. Dessutan seier han at det så langt ikkje er bygd ut meir enn 11 reine gardsanlegg for biogass i Sverige heller.
