Ordførarar frå kommunar med direkte ordførarval meiner dei ikkje vart høyrte då Stortinget vedtok å avslutte ordninga.

08.09.2010 08:10
Dei sender i desse dagar eit brev til Kommunal- og regionaldepartementet og ber om eit møte.

 

Ved førre kommuneval vart det i 50 kommunar prøvd med direkte ordførarval, det vil seie at veljarane kunne stemme på ein ordførarkandidat uavhengig av kva parti dei elles røysta for. Målet var å få opp valdeltakinga. I juni i år vedtok Stortinget å ikkje vidareføre prøveordninga. Dei meinte ho ikkje hadde ført til auke i valdeltakinga.

 

—Vi meiner det er merkeleg å gjere eit slikt vedtak utan at kommunane det gjeld har blitt rådspurt. Det verkar som om Stortinget har hatt avgrensa kunnskap om saka, seier Christian Hintze Holm (SV), direkte vald ordførar i Nesodden kommune i Akershus.

 

Han understrekar at det blant dei direktevalde ordførarane er ulikt syn på om ordninga bør vidareførast i deira kommune.

 

—Men blant ordførarane som signerer brevet, er alle partia representerte.

 

 

Nytt forsøk

 

 

Dei statlege forsøka for å få opp valdeltakinga held fram. Ved det kommande kommunevalet skal det i ti kommunar vere ei prøveordning med elektronisk val for å gjere røystinga lettare tilgjengeleg og med det få opp valdeltakinga.

 

Tor Bjørklund, professor i statsvitenskap ved Universitetet i Oslo meiner det er for mykje bekymring rundt valdeltakinga.

 

—Det er opplese og vedteke at låg og fallande valdeltaking er teikn på demokratisk krise.

 

Han meiner biletet er langt lysare enn det som blir teikna.

 

—Vi snakkar for eksempel nesten aldri om listeretting. Faktum er at dei som røystar blir stadig meir aktive. Aldri har det blitt kryssa så mykje på listene, i Oslo var 38 prosent av listene retta.

 

Sjølv om valdeltakinga kan vere låg, er det teknologiske løysingar som gjer det lett å kome i direkte kontakt med kommunepolitikarane, det er lett å ta kontakt med administrasjonen og skrive under på opprop. Og det gjer folk i aukande grad.

 

—Det passar med at utdanningsnivået er heva. Låg valdeltaking kan også vere eit uttrykk for at veljarane synest det meste er rimeleg greitt. Kommunar med lågast valdeltaking kan godt skåre høgt på diverse andre kriterium for eit livskraftig demokrati.

 

 

Lokalt engasjement

 

 

—Undersøkingar vi har gjort viser ein kanskje overraskande sterk vektlegging på det lokale. Men høgaste valdeltaking ved eit kommuneval i Norge var i 1963, då 81 prosent av dei røysteføre deltok. Det valet var prega Kings Bay-ulykka på Svalbard i 1962, og at Gerhardsen-regjeringa måtte gå på saka.

 

Men det valåret var eit unntak.

 

—I alle vala frå 1995 til 2007 har lokale faktorar vore særs viktig både for val av parti og for valkampen. Vi trudde for eksempel at i 1995, rett etter EU-avstemminga, ville deltakinga i lokalvalet bli høgt. Men slik vart det ikkje.

 

 

Inga mobilisering

 

 

Frå Stavanger seier professor Hilmar Rommetveit, forskingsleiar i IRIS nett det same om lokalvala.

 

—Tilliten til kandidatane betyr ganske mykje i eit lokalt val. Om det ikkje er spesielt konfliktfylte saker, betyr det ikkje så mykje kven som sit i kommunestyret. Difor mobiliserer veljarane heller ikkje.

 

Typiske mobiliseringssaker kan vere strid både om sak eller person. Lokalisering engasjerer, og også strid rundt nominasjonar.

 

—Då går spenninga opp og interessa for deltaking aukar. Då føler folk at det betyr noko at dei stemmer.

 

—Kva tenkte du då ordninga med direkte ordførarval vart innført?

 

—Eg var skeptisk til trua på at det skulle mobilisere rundt valdeltakinga, og tenkte at utslaga ville vere heilt avhengige av dei lokale forholda.

 

—Korleis trur du det vil gå med valdeltakinga ved neste kommuneval?

 

—Nedgangen har gitt seg, og det er avhengig av kva som skjer framover. Då vi begynte å sjå nærare på kommuneval, var tanken at rikspolitikken avgjorde resultatet. Slik er det ikkje.