Så langt har skognæringa satset over 40 millioner kroner i håp om at framtidens drivstoff skal komme fra skogen.

08.09.2010 08:29
Norske Skog og Viken Skog sprøyter inn nye 12 millionar kroner i jakta på effektiv framstilling av biodiesel frå tremasse. Xynergo leitar likevel etter nye investorar.

 

30 millionar kroner er så langt brukt på å finne industrielle løysingar for å utvinne biodiesel av råstoff frå skogen, men i sommar var kassa i Xynergo AS tom. Hovudeigar Norske Skog gjekk derfor i august inn med nye 10,5 millionar kroner i ein emisjon der også Viken Skog bidrog med nær halvannan million kroner i frisk kapital. Norske Skog sa i vår at dei ikkje lenger ønskjer å vere hovudaksjonær i selskapet, men jakta på nye eigarar har så langt ikkje gitt handfaste resultat.

 

—Vi går inn med ny kapital fordi vi har tru på at teknologiutviklinga kan lukkast, men vi meiner framleis at det ikkje er naturleg for oss å vere hovudaktør vidare, seier visepresident for kommunikasjon Carsten Dybevig i Norske Skog.

 

Styrkar eigarposisjonen

 

Fleire aktørar jobbar intenst for å kunne produsere neste generasjons biodiesel her i landet, og tidlegare denne veka skreiv Nationen om planane for framstilling av biodiesel frå animalske råstoff ved Uniol i Fredrikstad. Konkurransen frå andre miljø har derimot ingen innverknad på avgjerda til Norske Skog, ifølgje Dybevig.

 

—Vi må leve med at det er mange aktørar i marknaden, og konkurransen har ingenting med vår avgjerd å gjere. Norske Skog meiner det er meir naturleg at ein energiaktør dreg lasset i utviklinga av nye energikjelder. Vi trur det er viktig både med tanke på teknologiutviklinga og for å forstå marknaden kommersielt, seier Dybevig.

 

Norske Skog ønskjer at nye investorar skal overta dotterselskapet, men gjennom kapitaltilførselen styrkar papirprodusenten paradoksalt nok eigarposisjonen i Xynergo. Frå å ha 71 prosent av aksjane før emisjonen, går Norske Skog til å ha nær 79 prosent av aksjane etter. Gjennom kapitaltilførselen beheld Viken Skog 12 prosent av aksjane, medan fleire andre skogeigarandelslag får sin eigarposisjon utvatna.

 

—Fullt trøkk vidare

 

Xynergo er godt nøgd med å ha fått påfyll av kapital. Administrerande direktør Ellen Cathrine Rasmussen leiter derimot framleis etter nokon som kan erstatte Norske Skog som hovudaksjonær.

 

—Kapitaltilførselen gir oss rom til å halde oppe fullt trøkk på det vidare utviklingsarbeidet, og til å jobbe vidare på investorsida, seier Rasmussen.

 

Ho seier at Xynergo er i kontakt med potensielle investorar frå både inn- og utland og at det går føre seg konkrete samtalar. Målet er å få inn nye eigarar i god tid før jul.

 

Parallelt med jakta på ny hovudaksjonær er utviklinga av ny teknologi for «gassifisering» av biomasse i fullt sving. Xynergo samarbeider med det tyske selskapet Choren Industries, som er i oppstartsfasen for eit demonstrasjonsanlegg.

 

—Teknologien vi utviklingar vil kunne framstille biodrivstoff av veldig god kvalitet, og i tillegg til biodiesel er både jetfuel og andre naftaprodukt aktuelle, seier Rasmussen.

 

Tar tid

 

Viken Skog er blant skogeigarandelslaga som valde å gå inn med ny kapital også i denne omgang.

 

—Vi ser at selskapet har potensial, og vi valde derfor å gå inn med meir pengar, seier administrerande direktør Ragnhild Borchgrevink i Viken Skog, og vedgår likevel at det er langt fram til realisering.

 

—Vurderer de å trekkje dykk ut?

 

—Det er ikkje noko vi diskuterer nå, seier Borchgrevink.

 

Allskog og Mjøsen Skog blei ikkje med på kapitalutvidinga. Administrerande direktør Ole H. Bakke i Allskog forklarar det med kapitaltørke.

 

—Vi har ikkje meir kapital enn vi treng sjølv, og førebels går vi ikkje inn med meir, seier han.

 

Bakke legg ikkje skjul på at utviklingsarbeidet har tatt lenger tid enn skogeigarane håpa på, men at også rammevilkåra generelt spelar inn.

 

Regjeringa har øyremerkt 100 millionar kroner til utvikling av biodrivstoffteknologi. Søknadsfristen går ut i midten av oktober og Xynergo er eit av selskapa som har tenkt å søkje.