Energiutnyttinga er derimot best med dagens bruk til dyrefôr, viser rapport.
Planane om å byggje Uniol i Fredrikstad om til Europas største dieselfabrikk basert på råvarer frå slakteri, som Nationen skreiv om i går, får god mottaking i både landbruks- og miljøkrinsar. Ved å kunne ta i bruk animalske råvarer vil Uniol redusere produksjonskostnadene.
Målet er lønsam drift trass i fjorårets innføring av autodieselavgift (vegavgift) på biodiesel, noko som fekk stor medieomtale i fjor.
Organisasjonen Zero, som arbeider for kutt i utsleppa av klimagassar, applauderer prosjektet.
- Viss dei klarer å realisere planane, er dette svært godt nytt. Biodiesel høyrer framtida til, og det er veldig bra om slakteriavfall kan nyttast på denne måten, seier leiar Einar Håndlykken i Zero.
—Best å bruke til dyrefôr
Ombygging av biodieselfabrikken for 60—70 millionar kroner vil opne for bruk av dyrefeitt og andre biprodukt frå slakteri i stor skala, noko som kan gi klart stigande etterspørsel etter dyrefeitt. På sikt kan det igjen presse opp råvareprisen.
I år ligg det an til at norske slakteri får 175.000 tonn til overs når lastebilane med matvarer til butikkane har drege. Feittet frå desse biprodukta blir i dag utnytta som dyrefôr til i hovudsak fjørfe og gris. Rundt 8000 tonn blir det laga bioolje av, der mesteparten går til selskapets eige energibehov, og 2000 tonn blir selt eksternt. Praktisk talt all omsetning og bruk av slakteriavfall i Norge skjer i regi av Norsk Protein, eit aksjeselskap eigd av Nortura og Kjøtt- og Fjørfebransjens landsforbund (KLF) i fellesskap.
Dagens bruk av råvarene er den av alternativa som gir best utnytting av energiressursane i råvarene. Det slår ein rapport frå Bioforsk fast. Rapporten er bestilt av Norsk Protein AS.
Seniorforskar Tormod Briseid i Bioforsk er ein av forskarane bak rapporten.
—Bruk av råvarene til dyrefôr, slik det går føre seg i dag, blir rekna som ein meir høgverdig bruksfelt enn til energiproduksjon. Det er betre miljøpolitikk å bruke dyrefeitt til dyrefôr enn til drivstoff, seier Briseid til Nationen.
Rapporten konkluderer med at energiutbytte er nær 40 prosent høgare enn om råvarene skulle gå til biogass. Briseid understrekar at dei ikkje har vurdert biodiesel spesielt, men at det likevel er grunn til å tru at produksjon av dyrefôr kjem svært godt ut totalt. Også sidan utnyttinga av fleire næringsstoff frå råvara er betre.
—Har gode bruksområde
Dagleg leiar Lars Aashammer i Norsk Protein AS ønskjer den potensielle satsinga på å lage diesel av slakterirestar velkommen. Om det er aktuelt å ta i bruk norske råvarer stiller han seg derimot meir avventande til.
—Det er ikkje slik at desse råvarene ikkje blir brukt i dag. Snarare tvert imot har vi mange gode og høgverdige bruksområde for biprodukta. Men dersom det er meir lønsamt for oss å selje råvarene til Uniol, så gjer vi gjerne det, seier Aashammer.
Selskapet har fire fabrikkar, og omsetninga av råvarene skjer i ein marknad der det er fritt fram for eksport og import. Stor tyngde og volum fører derimot til at kort transport spelar ei viktig rolle.
Aashammer meiner rapporten frå Bioforsk viser at det er betre å nytte storparten av restane frå slakteria til dyrefôr.
—Det er dårleg utnytting av ressursane å bruke kategori 3-råvarene biodiesel, seier Aashammer, og viser også til at meir matjord vil måtte brukast til dyrefôrproduksjon i staden for menneskemat dersom mindre av dyrefeittet skulle gå til dyrefôr.
—Heller biodiesel enn fôr
Einar Håndlykken i Zero vil derimot ikkje utan vidare vere med på at energiressursane blir best utnytta ved å bruke dyrefeittet til dyrefôr. Sjølv om det skulle vere tilfelle, meiner han at det ikkje bør hindre bruk av dyrefeitt til biodiesel.
—Det nyttar ikkje å finrekne på kva som er best energimessig heile tida. Vi meiner det er ein betre ide å bruke slakteriavfall til biodiesel enn til dyrefôr. For klimaet vil det vere ei svært god løysing, men alt trenger ikkje brukast til biodiesel, seier Håndlykken.
Han illustrerer synspunktet med å seie at det ikkje ville vore bilar i verda om ein hadde rekna på energibruken. Bilen gjer seg nytte av rundt 20 prosent av energien, medan ein oljefyr kan utnytte 80 prosent.
Den delen av dyrefeittet som går til biooljeproduksjon vil han derimot ikkje røre.
—Nei, det må ikkje gå ut over bioolja. Den gir god klimaeffekt frå før, seier han.
