Utanlandske aktørar vurderer å investere 70 millionar kroner for å byggje Uniol om til Europas største biodieselfabrikk basert på slakteriavfall.

06.09.2010 08:45
Fakta
Uniol AS
•Biodieselfabrikk i Fredrikstad med ein produksjonskapasitet på 100.000 tonn biodiesel i året.

 

•Starta med produksjon av biodiesel basert på rapsolje i fjor sommar etter investeringar på 350 millionar kroner.

 

•Blei stengt ned igjen alt i fjor haust etter at regjeringa vedtok å innføre vegavgift også på biodiesel, eit vedtak som møtte sterk politisk motstand og fekk brei omtale i media.

 

•Nå skal ein avtale med utanlandske investorar vere nært føreståande. Dei har planar om å oppgradere fabrikken til å produsere biodiesel basert på slakteriavfall, dyrefeitt og brukt frityrolje, noko som blir rekna som meir miljøvenleg.

 

Kjelde: Uniol

Etter at regjeringa vedtok å innføre vegavgift på biodiesel i fjor, stoppa produksjonen av biodiesel ved Uniol i Fredrikstad opp og debatten gjekk høglydt i media. Sidan har jakta etter nye investorar gått føre seg i det stille. Nå trur dagleg leiar Thore Eilertsen ei løysing som kan inkludere ei oppgradering av anlegget er svært nærståande.

- Vi manglar omtrent berre signaturen på avtalen, og den reknar eg med vil kome i løpet av denne månaden. Planane er veldig interessante, og dei vil gi fabrikken ein heilt annan fleksibilitet når det gjeld kva råvarer som blir brukt i biodieselproduksjonen, seier Eilertsen.


Frå raps til dyrefeitt

Produksjonen av biodiesel var før «avgiftspausen» fullt basert på importert rapsolje, men teknisk kunne opptil 10 prosent av råvarene kome frå dyrefeitt eller andre ulike former for avfallsstoff. Ei oppgradering av anlegget i 60-70-millionarsklassen vil gjere at alt råstoff kan kome frå slakteriavfall og dyrefeitt, eller frityrolje og anna matavfall. Dermed vil råvarekostnadene, som utgjer heile 90 prosent av produksjonskostnadene, kunne gå kraftig ned. Og i tillegg vil den politiske motstanden mot ein produksjon basert på raps, som kan seiast å fortrengje matdyrking, fordufte som morgondogg frå åkeren.

- Det å ha sjanse til å skifte mellom vegetabilsk- og animalsk råstoff vil gjere at vi til ein kvar tid kan velje det råstoffet som er billigast. Dessutan snakkar vi om 2. generasjons biodrivstoff der råstoffet er avfall. Det vil vere endå meir miljøvenleg og råstoffet er også billigare, seier Eilertsen.


Kan bli Europas største

Oppgraderinga vil ifølgje Eilertsen kunne gjere Uniol til Europas suverent største biodieselfabrikk der produksjonen kan fullt baserast på animalske råvarer. Ein av dei største aktørane er i dag danske Daka Bio-industries, som er eigd av slakterisamvirke Danish Crown, Swedish Meats og «resten» av kjøttindustrien.

- Den danske fabrikken har berre halvparten av produksjonskapasiteten vår, så eg trur Uniol vil bli den suverent største i sitt slag i Europa, seier Eilertsen.

Han legg til at den danske fabrikken går bra og sel alt dei får produsert.

Uniol-fabrikken har kapasitet til å produsere 100.000 tonn biodiesel i året. Eilertsen reknar det som realistisk at ein tidel av volumet kan bli basert på dyrefeitt og avfall frå norske slakteri. Resten vil truleg kunne bli basert på alt frå frityroljerestar frå storkjøkken til amerikansk kyllingfeittavfall.


Utanlandske investorar

Det er eit utanlandsk selskap som driv i bransjen som har forhandla om overtaking av Uniol. Eilertsen vil ikkje ut med kva land selskapet kjem frå sidan produksjonsmiljøet er relativt oversiktleg.

Uniol har frå før rundt 150 millionar kroner i gjeld til eit bank i Austerrike og nærare 30 millionar i leverandørgjeld, etter å ha investert 350 millionar kroner i anlegget fram til opninga i fjor sommar. Den tredje perioden med vern mot krav frå kreditorane gjekk ut sist veke og tre nye månader er innvilga, men Eilertsen trur ei løysing er på plass lenge før tre nye månader er gått.

- Det er realistisk å tru at avtalen er i boks i løpet av september. I tilfelle kan produksjonen starte opp allereie i 4. kvartal i år, og så vil oppgraderinga av fabrikken gå parallelt med produksjonen det neste året, seier Eilertsen.


Bondekapital i ryggen

Dagens eigarar reknar med at dei mange titals millionar kronene dei har investert i Uniol AS er så godt som tapt. Hadeland Bio olje (Habiol), som er størst blant dagens aksjonærar, reknar med å ha tapt over 70 millionar kroner. Det er også grunnen til at selskapet er under avvikling i desse dagar. Dagleg leiar Terje Johansen er svært skuffa over regjeringa og at rammevilkåra skifta så over natta.

- For investorane bak Habiol er det uaktuelt å gå inn med meir pengar i Uniol, seier Johansen til Nationen.

Samvirket Østfoldkorn BA, som er eigd av 800 bønder, har også gått inn med mykje pengar i Uniol-engasjementet. Både gjennom ein direkte eigarpost i Uniol og indirekte gjennom eigarposten i Norgrain AS, som er nest størst blant dagens Uniol-aksjonærar. Dagleg leiar Toralf Hvidsten i Østfoldkorn vil ikkje utelukke at samvirket blir med vidare på eigarsida og skyt inn ny kapital, sjølv om motbakkane har vore tøffe og lange.

- Dersom det kjem inn nye eigarar med friskt mot og ein god forretningsmodell, er det ikkje utenkeleg at vi blir med vidare, seier Hvidsten.