Nationen har snakka med tre unge bønder på veg inn i ei næring kor mange meiner framtida er usikker.

06.09.2010 10:28
Fakta
Trendar i norsk landbruk

Trendundersøkinga er en spørjeundersøkinga blant norske bønder som gjennomførast av Norsk senter for bygdeforsking kvart anna år. Her målast haldningar, interesse for tilleggsnæring, motivasjon med meir.

 

Undersøkinga er blitt gjennomført i 2002, 2004, 2006, 2008 og nå i 2010.

 

Målet er å få etablert en database som gir informasjon om utviklinga innan landbruket over tid.

 

Undersøkinga er finansiert av Bygdeforsking.

 

(Kjelde: Norsk senter for bygdeforsking)

Nordfjordbonde Knut Tore Nes Hjelle er stolt over å vere bonde, og ser optimistisk på landbrukets framtid. Dermed er leiaren i Eid Bondelag på linje med tre av fire bønder som har svart det same i ei undersøking gjort av Norsk senter for bygdeforsking.

 

—For meg ville det vere personleg nedverdigande at vi i 2010 ikkje kunne føre vidare det forfedrane våre har bygd opp, med dei få midlane dei hadde den gong. Vi må ikkje bygge ned, men heller utvikle vidare.

 

Han tok over farsgarden i 2000, og fekk god hjelp av foreldra dei første åra.

 

Tok relevant utdanning

—Eg visste at eg kom til å bli bonde på heiltid ein gong, og valde difor å ta utdanning innan landbruksmekanikar. Jordbruksskule tok eg først seinare. Eg fekk mange tilbod om å forpakte gard før eg overtok, men eg hadde lyst til å gjere noko heilt anna nettopp fordi eg visste at eg skulle drive gard seinare.

 

Han er oppteken av at komande bønder ikkje må vente for lenge før dei får overta garden.

 

Stolt av å være bonde

—I dag er eg utan tvil stolt over å vere bonde. Vi som yrkesgruppe tar eit stort ansvar ved å produsere mat, men ein kan føle at jobben ein gjer ikkje vert verdsett inntektsmessig. Økonomisk skulle ein sikkert hatt anna inntekt i tillegg, men kona er ute i 80 prosent jobb utanom garden. For meg er det altfor travelt å vere vekke i anna arbeid, fastslår han.

 

 

Eit yrke med meining

Odelsjente Guro Huseby (30) er midt i prosessen med overtaking av familiegarden i Sandefjord.

—Eg er veldig optimistisk til det å bli bonde, seier ho.

 

Guro Huseby, kjend frå TV-serien «Jakten på kjærligheten», har alltid tenkt at ho hadde lyst til å bli bonde. Som nummer tre i søskenflokken var det ingen sjølvfølgje.

 

—Først etter at dei to eldre søstrene mine sa frå seg garden får eg no sjansen, og eg synest ikkje valet er vanskeleg eller komplisert. Det er ein sjanse eg ikkje vil la gå frå meg, fortel Huseby.

 

Forbereder seg

Ho har utdanning frå universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås, og har førebels jobb i Oslo. Men det er bonde ho vil bli.

For å førebu seg til overtakinga har ho også gått på kurs om næringsutvikling for gard, og har gjort grundig gjennomgang av budsjett og tidsforbruk ho vil få.

 

I dag har familiegarden svineproduksjon med 500 grisar, kornproduksjon på 200 mål og purre på 12—13 mål.

 

—Å drive garden i dag er hundre prosent stilling, og eg er inne i ein prosess der eg vurderer det meste, fortel ho, og synest bonde er eit yrke som gir meining.

 

 

Stor verdi som bonde

Både fridommen og det meiningsfulle med å produsere ein så viktig vare som mat, hadde avgjerd for valet til Syver Duenger (24).

For to år sidan kjøpte han seg gard på den frie marknaden. På Nes på Ringsaker driv han med mjølkeproduksjon med 50 kyr og ei kvote på 310.000 tonn. I tillegg har han kyllinghus med 120.000 slaktekylling. Tre kilometer unna ligg familiegarden som foreldra driv, og som han med tida også skal overta.

 

—Eg hadde blitt gammal skulle eg vente på å overta den garden. I dag samarbeider vi, seier Duenger. På lengre sikt vil han drive begge gardane i eitt.

 

Aldri tvilt

Han har alltid visst at det var bonde han ville bli.

 

—Det var ingen tvil om det. Eg har ikkje angra, sjølv om det er tøft økonomisk for ein ung bonde å ta opp store lån for å kjøpe gard, men det har gått greitt. Om ein skal drive aktivt må ein vere skuldig litt, fastslår han.