I går trykte den finske avisa Helsingin Sanomat ein artikkel om storstilte planar for ein nordisk papirgigant. Dei konkurrerande selskapa Norske Skog, Holmen og Stora Enso vil ifølgje avisa truleg opprette eit fellesnordisk selskap for produksjon av avispapir alt i løpet av hausten. Norske Skog ønskjer ikkje å kommentere det dei kallar for spekulasjonar, men stadfestar at konsernet arbeider for ei restrukturering av avispapirindustrien.
—Vi ser behovet for ei restrukturering og vi jobbar for å få det til å skje, men vi ønskjer ikkje å kommentere ytterlegare rundt denne saka, seier kommunikasjonsdirektør Carsten Dybevig i Norske Skog.
Opne for nordisk løysing
Tillitsvalde ved Norske Skog-fabrikken på Skogn i Levanger kjenner til at konsernet det siste halvåret har hatt samtalar med fleire aktørar i bransjen.
—Eg er kjent med at det har pågått samtalar eit halvt års tid eller så, utan at eg kjenner detaljane rundt kontakten mellom selskapa, seier tillitsvald på Skogn og nestleiar Trond Bjørken i avdeling 461 i Fellesforbundet.
Bjørken meiner det er heilt nødvendig med omleggingar i bransjen sidan stor overkapasitet og låge prisar på avispapir fører til at aktørane ikkje tener pengar. Han støttar derfor samtalane som konsernet fører med andre aktørar i bransjen.
—Vi støtter leiingas linje og vi er for at det blir jobba vidare med slike løysingar, seier han.
—Kva synest du om utsiktene til eit nordisk selskap for avispapirproduksjon?
—I utgangspunktet er det ikkje noko ved den tanken som verkar avskrekkande. Det er mange ulike måtar å gjere det på, og ulike modellar, men det er vanskeleg å ta stilling før det kjem noko konkret. Vi kjem ikkje unna at ei strukturendring må til i bransjen, seier Bjørken.
Tøffe tider i møte
Nestleiaren i klubben på Skogn reknar med at ei oppretting av eit felles selskap for avispapirproduksjon i Norden vil føre til stor merksemd på kva for fabrikkar som driv mest lønsamt.
—Det vil bli ein kamp, for alle fabrikkane vil prøve å vise at dei har styrke til å bli med vidare. Vi må også vise kva som er vår styrke, og det har vore god kostnadseffektivitet per tonn, seier Bjørken.
Han vedgår likevel at rammevilkåra er svært usikre for fabrikken med 480 tilsette. Tidlegare i år har det vore periodar med redusert produksjon og stopp på grunn av laber etterspørsel og liten tømmertilgang. Nå går produksjonen derimot for fullt, men kraftsituasjonen i Midt-Norge heng over fabrikken som ei mørk tung sky.
—Vi har berre kraftkontraktar ut året. Etter det risikerer vi å måtte kjøpe straum til marknadspris. Det er planar om eit kraftkonsortium. Regjeringa jobbar med ulike løysingar, men det går lang tid og ESA må også gå god for løysinga. Alt kjem an på rammevilkåra, seier han.
—Så det blir ein spanande haust?
—Ja, det blir det, men vi har blitt litt vant med at situasjonen er usikker, seier Bjørken.
Konserntillitsvald Kåre Leira i Norske Skog ville verken kommentere opplysningane i finsk presse i går eller lufte synspunkt på eit eventuelt fellesnordisk papirsamarbeid.
—Eg kan ikkje kommentere noko. Det ville berre blitt spekulasjonar, seier han.
—Bra for skogeigarar
Leiar Helge Evju i Norges Skogeierforbund vil heller ikkje kommentere dei konkrete påstandane, men på generelt grunnlag meiner han at ei løysing som gir redusert produksjonskapasitet for avispapir er ønskjeleg sett frå skogeigaranes side.
—Alt som kan bidra til ein betre marknadsbalanse er bra. Eit nordisk samarbeid kan gi betre tømmerprisar. Overkapasiteten bidrar til å halde prisane nede, seier Evju.
Avispapirproduksjon er framleis ein viktig avsetningskanal for norske skogeigarar.
—Vil ikkje norske fabrikkar med høgt kostnadsnivå liggje tynt an om det blir eit fellesnordisk selskap?
—Det ønskjer eg ikkje å spekulere i. Vi veit ikkje kva som ligg i det. Skogn har alltid vore ei solid bedrift og Follum har gått mot ein meir forbetra avispapirkvalitet, seier Evju.
Ei oppretting av eit nordisk selskap som heilt eller delvis kan overta avispapirproduksjonen frå samarbeidsaktørane, vil eventuelt måtte godkjennast av EUs konkurransestyresmakter. Ifølgje den finske avisa Helsingin Sanomat er eit klarsignal til det ikkje usannsynleg.
