Samstundes arbeider mange kommunar hardt for å få folk til å busette seg nett hos dei.
Spørjeundersøkingar viser gong på gong at folk ønskjer å flytte til mindre stader enn der dei bur. I realiteten er det ganske få som faktisk gjer det.
I sommar har Nationen hatt ein serie om område, kommunar og stader som med hell har greidd å snu flyttestraumen. Bak utviklinga ligg hardt arbeid - og kanskje litt tilfeldigheitar.
- Er det statlege overføringsordningar knytt til folketal som gjer det så viktig for kommunane å trekkje folk?
- Pengar er ikkje drivkrafta. Det er utruleg viktig for eit lokalsamfunn å vise vitalitet og vekstkraft. Ikkje minst er det viktig for lokalpolitikarar og kommunestyre, seier May-Britt Nordli, direktør for samfunnsutvikling i KS.
Vel spiral
Det er viktig å vere i den positive spiralen, ikkje den negative.
- I lengda kan det bli eit spørsmål om å vere eller ikkje vere.
- Handlar det om å ha nok folk til å yte dei tenestene eit samfunn etterspør?
- Utviklinga av velferdstenester er sjølvsagt eit argument, men godt utvikla velferdstenester er også eit kvalitetsteikn på om ein stad er god å bu i. Viktig er det at eit fallande folketal, som veldig mange bygder og kommunar har, gir dårlege vibrasjonar både innover og utover.
- Kva trur du skal til for å få folk til ein kommune?
- At begge partane i eit parforhold - for det er ofte snakk om par - har moglegheit for arbeid. Så handlar det om staden sjølv, både geografi og fritidstilbodet.
- Kva blir avgjerande i kommunane sin kamp om folka?
- Fordi vi har den kommunestrukturen vi har, som krev spisskompetanse på mange felt, blir det ei utfordring å dekkje opp med kvalifisert arbeidskraft. Eg trur at kommunesektoren generelt sett står overfor store utfordringar når det gjeld å rekruttere nok medarbeidarar dei næraste 20 åra.
Grunna at dei store fødselskulla i åra etter krigen no går ut av arbeidslivet, blir mange lærarar, ingeniørar og andre typar fagarbeidskraft borte.
- Her konkurrerer kommunesektoren med andre næringar, det er ikkje sikkert det er kommunane som vinn konkurransen. Og så kjem spørsmålet om kvar folk vil bu. For dei mindre kommunane blir det ei ekstra utfordring i rekrutteringa, sidan mange likar å arbeide i fagmiljø, som det kan vere vanskeleg å få til på små stader.
Ønskjer å flytte
Ei undersøking frå Nordisk Ministerråd for nokre år sidan viste at fire av fem i dei nordiske landa flyttar fordi dei vil det, ikkje fordi dei må.
- I mine studiar har eg funne at jobben er det siste som fell på plass. Ein veit kvar ein vil bu, kvar ein ønskjer arbeid og kven ein ønskjer å vere saman med, og så flyttar ein så snart jobben dukkar opp, seier Mariann Villa, forskar ved Bygdeforskning.
Villa viser også til forskar Gro Marit Grimsrud, som for Østlandsforsking gjorde funn som viste at vener og det ein kan kalle likesinna miljø er med og fristar ein tilflyttar eller tilbakeflyttar. Ho kalla det å flytte i flokk. I alle situasjonar er arbeid viktig, men dersom en kan velje mellom fleire moglegheiter er gjerne vener, familie og nettverk noko som veg tungt.
- Fleire og fleire veks opp i sentrale strok, og dermed blir det færre grunnar til å flytte tilbake til områda med spreidd busetnad. Samtidig blir det også fleire som kan busette seg der dei vaks opp, nettopp fordi dei vaks opp i sentrale område, seier Villa.
Ho viser til at historiene bak flyttingane er så mange og individuelle, det er vanskeleg å bruke generelle oppskrifter eller finne ein fasit.
- Likevel kan ein seie at det må til ei grunnleggjande interesse, ønskje eller trong for å bu eit bestemt område, anten det er i ein by, eller ei bygd, eller ein spesiell del av landet for at folk skal finne seg ein annan stad å bu.
- Den interessa baserer seg på kvar ein kjenner seg heime. Men så er det også mange som ikkje kan følgje spora dei ønskjer, av familiegrunnar, økonomiske grunnar og liknande, seier Villa.
Vel samfunn
- Eg tenkjer at jobbar er det alle stader, berre nokre få jobbar er slik at folk flyttar etter dei. Eg trur dei som flyttar til små stader gjer det fordi det er eit samfunn dei vil bu i, seier Guri Mette Westby, flytteforskar ved Norsk institutt for by- og regionforsking.
- Kven er eg, kva slags liv vil eg at eg og familien min vil leve, er spørsmål dei stiller seg.
Då begynner dei å sjå seg ikring. Nokre vil heim til eigen region, for andre er det ikkje så viktig.
- Jobb handlar ikkje berre om den eine jobben, det handlar også om kva jobbmoglegheiter det vil vere i regionen om 5-10 år. Anten ein kallar det karriere eller jobbskifte, handlar det meir enn om den eine jobben.
- Eg tenkjer det er ein bukett av forskjellige element som til saman avgjer om ein flyttar eller ikkje. Kva som tel, varierer frå person til person. Nokre vil ha fin natur og gode moglegheiter for friluftsliv Det er det mange stader i Norge som kan tilby, sjølv i Oslo er det kort veg til marka.
Folk treng arbeid, men jobben er sjeldan det viktigaste når folk bestemmer kvar dei vil bu, meiner flytteforskarane.
02.09.2010 09:01
Emneord
Kart
Les også
