Den finske avisa Helsingin Sanomat skriv i dag at Norske Skog har planar om å opprette eit felles selskap for avispapirproduksjon saman med dei nordiske konkurrentane Stora Enso og Holmen.
Innhaldet i avisartikkelen, som ikkje blir stadfesta av dei involverte selskapa, har fått Norske Skog-aksjen til å stige bratt på Oslo Børs. Aksjen gjekk fekk på morgonen ein oppgang på over 20 prosent, og handelen med aksjen blei stoppa kl 09.43 av Oslo Børs.
Selskapet dei store nordiske skogselskapa vil stifte i fellesskap, skal ifølgje avisa heilt eller delvis få overført produksjonen av avispapir frå dei involverte. Målet skal vere å redusere overkapasiteten på avispapirproduksjon og løfte prisen på avispapir.
Stiftinga av det nye joint venture-selskapet skal ifølgje den finske avisa skje i haust, og samarbeidet må ha godkjenning frå EUs konkurransestyresmakter.
Blir planane realiserte vil dei truleg har store konsekvensar for arbeidsplassane ved dei norske avispapirfabrikkane, med Follum og Skogn i spissen, og for avsetninga for norske skogeigarar.
