I konkurransen om bondens kjøttleveransar kjem Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund (KLF) på banen med ein mottaksgaranti for slaktedyr. KLF, som organiserer dei frittståande slakteria, lovar at det alltid vil stå eit KLF-slakteri klar til å ta imot bønders leveransar for dyreslaga storfe, svin eller sau og lam.
Til nå har det bondeeigde slakterikonsernet Nortura stått åleine som garantist for bondens avsetning.
Les også: Nortura skvisar små svineprodusentar
—Samvirkets mottaksplikt blir stadig brukt mot oss politisk. Det har vi sett oss lei på. Vi går derfor nå ut med ein garanti om at bønder som ønskjer å levere dyra til private slakteri, skal få det. Dersom eit KLF-slakteri ikkje har høve til å ta imot, vil vi finne eit anna slakteri som kan, seier administrerande direktør Dag Henning Reksnes i KLF.
—Blir praktisert i dag
Elleve KLF-organiserte slakteri er med på ordninga med mottaksgaranti. Reksnes meiner med det at eit argument for samvirket, i konkurransen med frittståande slakteri, fell bort.
—I praksis blir det ingen forskjell, for eg har aldri høyrt om KLF-slakteri som nokon gong har sagt nei til å ta imot slaktedyr. Men nå innfører vi ein mottaksgaranti og formaliserer praksisen, seier Reksnes og meiner at KLF-slakteria dermed er likestilt med samvirkeslakteria når det gjeld mottak av slaktedyr.
Garantien vil ifølgje KLF gjelde alle bønder som ønskjer å levere til KLF-slakteria, uavhengig av tidlegare tilknyting. Ordninga gjeld ikkje fjørfe, som er ein avtalebasert produksjon, og garantien omfattar berre dyr som oppfyller alle offentlege krav.
Vilkåret er også at leveransen blir tilpassa slakteriets ordinære slakteplanar og at avstanden er innafor lovverkets rammer. Skulle oppstalling bli nødvendig vil det påfølgje kostnader for bonden.
Ingen minstepris
Det blir ikkje etablert nokon form for garantert minstepris, eller fastpris, men KLF lovar at leveransane skal kunne skje til same vilkår som andre leverandørar får i området.
Dei fleste slakteria som er med på mottaksgarantien har tilhald anten ved Oslo-fjorden, Trøndelag, Rogaland eller Sørlandet.
På Vestlandet nord for Rogaland har det næraste slakteriet som er med i ordninga tilhald på Sunnmøre. Og det einaste slakteriet i Nord-Norge som er med på ordninga er Horns slakteri på Leknes i Lofoten.
KLF vedgår at det blir utfordrande å innfri garantien, særleg i nord.
—Vi trur likevel det skal vere mogleg å innfri mottaksgarantien, seier Reksnes.
—Når frakta er lenger til eit KLF-slakteri blir kostnadene større for bonden. Då er vel garantien lite verdt?
—Avrekninga vil skje på normal måte og det er akkurat likt som hos våre konkurrentar. Vi trur likevel at dei fleste vil kome betre ut av det sidan KLF-slakteria betalar betre i utgangspunktet.
—Kan ikkje det enkelte slakteri lett prise ut grupper av leverandørar gjennom å regulere beløpa på dei mange ulike tillegga og satsane?
—Vi har ingen intensjon om å lage ei ordning berre for papiret og utan innhald. Mottaksgaranti er noko vi står for og den skal vere reell fram til meir langsiktige avtalar er på plass. Vi vil formalisere bondens valfridom, seier Reksnes, og legg til:
—Eg vil også minne om at Norturas mottaksgaranti er ein del av den offentleg finansierte marknadsordninga. Vi tek derimot rekninga sjølv, seier han.
Kan trekkje seg
I dag kjøper KLF-bedriftene fire av ti dyr frå samvirkeslakteria, og Reksnes peiker på at KLF-slakteria etterspør større leveransar. Så lenge KLF-slakteria har avsetning for alt kjøttet blir ein mottaksgaranti også sett på som lite problematisk frå KLF-slakteria si side. Blir det derimot stort overskot på kjøtt og slakteria får trøbbel med å selje kjøttet vidare blir situasjonen ein annan.
—Kan slakteria trekkje seg frå garantiordninga?
—Ja, vi har ein oppseiingsfrist viss nokon vil ut.
—Så garantien kan falle bort når tidene blir tøffe?
—Om det blir totalkollaps i marknaden må vi handtere situasjonen som oppstår, men sjansen for det er liten. Samtidig er det marknadsregulator (Nortura, journ. anm.) som har ansvar for å gjennomføre tiltak mot overproduksjon, og vi har ofte sagt at tiltaka kjem for seint, seier Reksnes.
—Har aldri sagt nei
Fatland Gruppen står for rundt halvparten av slaktinga blant dei KLF-organiserte slakteria og er den største aktøren som er med på mottaksgarantien. Dagleg leiar Svein Fatland i Fatland Ølen hadde ingen motførestellingar mot å bli med.
—Vi har aldri sagt nei til nokon, så for oss blir det ingen forskjell i praksis. Vi har alltid hatt behov for slaktet. Men det er greitt å kunne tilby det same som våre konkurrentar, seier Fatland.
Han vedgår at garantien kan bli ei utfordring dersom Fatland skulle få overskot av kjøtt.
—Alt er avhengig av salet. Så lenge salsutviklinga er positiv går det bra, men det vil vere ei utfordring om det stoppar opp, seier Fatland.
