Folkehøgskulane har fått ein ny vår. Dei to siste åra har talet på søkarar gått kraftig opp, og få plassar står tomme.

30.08.2010 07:10
Første august i år var det 6919 elevar på plass, nesten 900 fleire enn i 2007. 11 prosent av norske 19-åringar går i år på folkehøgskule.

I fjor var 6713 elevar på plass i byrjinga av august.

 

—Auken frå i fjor til i år er berre på tre prosent, men det skuldast at det ikkje er fleire plassar å ta av, seier Marit Asheim, informasjonskonsulent ved Folkehøgskolekontoret.

 

Folkehøgskulane har ikkje samordna opptak, elevane søkjer direkte til skulen, og eit sveip innom heimesidene viser at det berre er eit fåtal plassar som ikkje er fylte. Fredag fekk kunnskapsminister Kristin Halvorsen overrekt forskingsrapporten «Som en sang i sinnet —som et eneste sollyst minne», om elevars utbytte av folkehøgskulen.

 

Forskarar ved NTNU i Trondheim har sendt ut spørjeskjema og intervjua tidlegare folkehøgskuleelevar. Dei har snakka med folk som gjekk på folkehøgskule for to, fem, ti og 30 år sidan.

 

—Fagleg læring, sosialt engasjement og demokratisk deltaking var det elevane meinte var deira viktigaste utbytte av året på folkehøgskule, seier Geir Karlsen, professor ved program for lærarutdanning ved NTNU i Trondheim. Funna var dei same på alle alderstrinna.

 

Viktige lærarar

Utbyttet av å bu på internat blir også framheva, og særleg var lærarane sitt nærvær og deltaking viktig, eit alternativ til lærarar elevane elles hadde møtt.

 

—På folkehøgskulen møter ein læraren som heil person, seier Karlsen.

Inneverande skuleår er det 7040 plassar tilgjengeleg, 40 av dei på de nystarta Setesdal folkehøgskule. I løpet av dei siste 20 åra er fem folkehøgskular lagt ned.

 

Mange beskriv det å drive folkehøgskule som ein evig omstillingsprosess. Med jamme mellomrom skiftar dei liner for å trekkje folk. Dei siste åra har det blitt fleire tilbod innan friluftsliv, og musikk, scenefag og mediefag er også blant linene mange elevar søker seg til.

Innhaldet i linene endrar seg også. Tidlegare var mange av idrett- og friluftslinene ganske tradisjonelle, no har mange av dei fått preg av ekstremsport.

 

Reiseaktiviteten har også auka. Alle folkehøgskulane har tilbod om utanlandsturar. Kvar turen går kjem an på lina. Elevar på spanskliner reiser gjerne til Sør-Amerika, er det surfing som står på timeplanen går turen gjerne til strender med gode bølgjer.

Samla sett byr norske folkehøgskular på 300 ulike liner.

 

Får positive følgjer

—Eit av oppdraga ved rapporten var å sjå på om eit år på folkehøgskule auka gjennomstrømmingsfarten til elevane når dei etterpå tok høg utdanning. Vi har ikkje lukkast i å fastslå det, men meiner vi ser ein tendens til å vere slik, seier Karlsen.

Studentane meinte sjølve at kvaliteten på seinare studiearbeid vart betre, ut frå auka innsikt og refleksjon.

 

Eit av funna som overraska forskarane var kor mange elevar som hadde folkehøgskulen som sitt einaste prosjekt for det aktuelle skuleåret. Folkehøgskule er ikkje noko ein hoppar på i siste liten, når alle andre moglegheiter er bruk topp.

Ved Folkehøgskulekontoret kan dei stadfeste funna.

 

—Opptaket for det komande skuleåret startar 1. februar. Trafikken på nettsidene våre var kvelden før så stort at systemet braut saman, seier Marit Asheim.

 

Les meir i Nationens papirutgåve eller digitale avis måndag 30. august.