Torsdag 23.02.2012 UKE 08
Laster
66 prosent av kommunane kunne tenkt seg å ha ein eller fleire juristar i staben. Foto: Scanpix

66 prosent av kommunane kunne tenkt seg å ha ein eller fleire juristar i staben. Foto: Scanpix

Kommunar manglar juristar

Nær to tredelar av norske kommunar har ikkje juristar.

Publisert: 09.08.2010 07:28

Og situasjonen har ikkje endra seg i løpet av dei siste 11 åra.

 

Rett nok har talet på juristar tilsett i norske kommunar auka frå rundt 700 for elleve år sidan til rundt 950 i fjor, viser statistikk frå Norges Juristforbund. Men det skuldast stort sett at det er tilsett fleire juristar i dei kommunane som frå før av hadde.

 

— Eit fleirtal har ikkje tilsett jurist. Det er ei stor utfordring, og vil på sikt kunne true viktige ideal som likebehandling og rett saksbehandling, seier Trond Egil Hustad Jakobsen, prosjektleiar for kommuneprosjektet i Norges Juristforbund.
I 74 av dei 156 kommunane som hadde ein jurist blant dei tilsette, var det snakk om ein einaste ein, viser statistikk frå KS.

 

Ønskjer jurist

Norsk juristforbund har gjennomført ei undersøking blant rådmenn og administrasjonssjefar i kommunane om juristar i kommuneadministrasjonen.

 

Blant dei 215 som svarte på spørsmåla svara 66 prosent at dei kunne tenkt seg å ha ein eller fleire juristar i staben. 20 prosent svara at dei ikkje såg behovet for det.

 

Halvparten av dei som svara kunne tenkt seg å gå saman med andre kommunar om tilsetjing av ein jurist.

 

Då rådmennene vart bedne om å krysse av for dei arbeidsfelta der dei meinte det ville vore ønskeleg med juridisk kompetanse, kom ekspropriasjonssaker høgast på lista, tett følgt av barnevernsaker.

 

 

Nær sju av ti rådmenn som svarte hadde ønskt seg juridisk kompetanse på desse felta. Også plan- og byggesaker, personalsaker og offentlege innkjøp står høgt på lista over område der rådmennene meinte at det hadde vore ønskeleg med juridisk kompetanse.

 

— Norges Juristforbund er av den oppfatning at dette gir kommunane såpass store faglege utfordringar at dei bør løysast gjennom å tilsette fleire juristar, seier Hustad Jakobsen.

 

Leiger hjelp

Men at mange kommunar ikkje har eigne juristar betyr ikkje at det ikkje er juridisk ekspertise i bruk. Nær alle dei spurte rådmennene seier at dei hentar inn ekstern juridisk bistand ved behov.

 

49 prosent brukar privat advokat, 14 prosent advokatar frå KS og 8 prosent brukar juristar hos Fylkesmannen.

 

17 prosent brukte under 50.000 kroner til ekstern juridisk bistand, 21 prosent mellom 50.000 og 100.000, 27 prosent mellom 100.000 og 300.000. 22.6 prosent av rådmennene svarte at kommunen deira brukte over ein halv million kroner på leigd juridisk bistand.

 

Prioriterer juristar

I Fjell kommune i Hordaland har dei prioritert annleis enn fleirtalet av norske kommunar. Fjell har i løpet av relativt få år bygd opp ein stab av juristar, og har no 9 i arbeid i kommunen.

 

— Ein situasjon vi er svært godt nøgde med, seier ordførar Eli Årdal Berland (H).
Nabokommunen til Bergen har rundt 22.000 innbyggarar og har vakse kraftig dei siste åra på grunn av stor tilflytting. Næringslivet i kommunen er rikt, befolkninga ung, og det fordrar stor byggeaktivitet.

 

— Vi brukar juristane mykje i byggesaker og planarbeid, sier Berlnad.
Med juristar tidleg inn i arbeidet blir innstillingane i utbyggingssaker korrekt utforma frå byrjinga av.


— Dermed får vi dei sakene fortare gjennom systemet. Med juristar på huset kan vi kontakte dei med ein gong vi treng ei juridisk avklaring.


Juristane blir også brukt ein del i personalarbeid og innan barnevernet.
— Det same gjeld der, det er viktig for oss å få dei tidleg inn i sakene, seier ordføraren.

Temaord til denne artikkelen:

Mest lest

Laster module
Nationen • 
SISTE NYTT