Skogeierforbundet la i dag fram eit årsresultat på over 25 millionar kroner i underskot. - Dramatisk, vedgår administrerande direktør.

17.06.2010 20:29

På få år har Norges Skogeierforbund gått frå å ha ein stor finansformue, til å ha hamna i pengeknipe.

 

Den bokførte finansformuen var i 2006 på rundt 90 millionar kroner, men etter to blodraude år sit skogeigarforbundet nå att med knappe to millionar kroner.

 

Det kom fram på årsmøte i Skogeierforbundet torsdag ettermiddag. 

 

25,8 millionar i minus

Underskotet vart totalt på 25,8 millionar kroner i fjor. Eigenkapitalen var ved årsskifte nede i 2,4 millionar kroner, ein nedgang frå 30,3 millionar kroner året før.

 

Administrerande direktør Gudbrand Kvaal vedgår at situasjonen er dramatisk for skogeigarforbundet.

 

—Ja, situasjonen er dramatisk. Svikten i tømmeromsetninga var på 25 prosent. Vi har hovudinntekta vår frå tømmeromsetning, og så stor inntektssvikt er det veldig vanskeleg å tilpasse seg til, seier Kvaal til Nationen.

 

Milliontap på børs

Børsnedgang for Norske Skog er hovudårsaka til det store underskotet, og skogeigarforbundet tok store nedskrivingar av aksjeposten.

Driftsunderskotet vart på 5,5 millionar kroner.

 

Les også: - Finansfolk må lære av skogsnæringa

 

1,3 millionar av dei 1,6 millionar aksjane Skogeierforbundet hadde i Norske Skog er nå selt, og inntekta er brukt til å kvitter seg med gjelda.

 

Dermed sit Skogeierforbundet, som så seint som i 2006 og 2007 hadde nær 9 millionar kroner i årlege finansinntekter, nå att med ein svært mager aksjepost verdt litt over to millionar kroner i dag.

 

—Angrar du på at Skogeierforbundet ikkje selde aksjane tidlegare, Kvaal?

 

—Ja, sett i etterkant så angrar eg. Vi skulle ha selt aksjane før for den økonomiske effekten er så dramatisk.

 

Han påpeiker at skogeigarforbundet har sett på aksjeposten som noko meir enn ein finansiell plassering.

 

Samtidig seier han at det har vore vanskeleg å selje seg ned både sidan forbundet til tider har sete på innsideinformasjon og på grunn av signaleffekten eit nedsal ville ha fått.

 

Må skyte inn meir kapital

 Eigenkapitalsituasjonen i Skogeierforbundet blir nå karakterisert som «alt for svak» i forhold til aktivitetsnivået, og fleire på årsmøte tok til orde for at skogeigarandelslaga bør gå inn med ekstra kapital i forbundet.

 

Truleg vil det bli lagt opp til ein emisjon til hausten.

 

 

Evju attvald

 

Helge Evju blei av eit einstemmig årsmøte attvald som styreleiar i Norges Skogeierforbund, medan Even Mengshoel blei einstemmig attvald som nestleiar i forbundet.