På konferansen Skog og tre 2010 i dag tok stortingspresident Dag Terje Andersen (Ap) eit oppgjer med dei kortsiktige interessene og spekulasjonen som pregar finansnæringa.
— Lære å vere langsiktig
Den tidlegare skogsarbeidaren meiner finansfolk har mykje å lære av skognæringa, og at finanskrisa langt på veg kunne vore unngått om skognæringas prinsipp hadde blitt nytta i større grad.
— Verdsøkonomien bryt i saman på grunn av eit kortsiktig perspektiv og spekulasjon. Veldig mange kunne hatt veldig godt av å lære litt av skognæringa. Her tar det gjerne 80 år frå planting til skogen er klar for hogst. Det er ei langsiktig næring, det, sa Andersen til fleire hundre konferansedeltakarar.
Vil ha meir skogplanting
Likevel var det slett ikkje alt i dagens skognæring at Andersen meiner er like bra.
Han tok mellom anna til orde for ein kraftig vekst i skogplantinga.
— Det er fleire tiår sidan det blei planta så lite som nå, og det er eit tankekors at det i dei vanskelege 30-åra og på 40- og 50-talet blei planta langt meir skog enn i dagens oljerike samfunn. Det er resultatet av den plantinga vi kan hente ut trevirke frå i dag, sa Andersen.
Han meiner planteaktiviteten må aukast kraftig.
— For når det er slutt på olja og gassen, så må vi iallfall ha skog å hogge på, sa Andersen.









